SAMARBEID: Bedrifter frå Vang og Lærdal skal samarbeida for å skapa eit betre næringsliv rundt Kongevegen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMARBEID: Bedrifter frå Vang og Lærdal skal samarbeida for å skapa eit betre næringsliv rundt Kongevegen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Samarbeider om Kongevegen

Bedrifter på begge sidene av kommunegrensa mellom Vang og Lærdal skal samarbeida om Kongevegen.

Bedrifter frå både Lærdal og Vang er samla i kulturhuset i Lærdal med eitt mål for augo – å legga eit grunnlag for næringsliv rundt Kongevegen.

Kongevegen, som nylig vann Vakre vegars-pris vert rekna som den første vegen som knytte aust og vest saman. Vegen strekker seg frå Lærdalsøyri og over fjellet til Vang. Med sine vakre svingar og bruar, er vegen heilt unik.

Dette har diverse verksemder spesielt innan reiselivet i Lærdal og Vang også fått med seg. Difor vil dei no samarbeida slik at alle kan få noko ut av attraksjonen.

Dette er ei moglegheit for næringslivet både i Vang og Lærdal.

– Det handlar om å legga eit grunnlag for at ein kan få utvikla næringslivet langs Kongevegen slik at det får større kundegrunnlag og utfylla den opplevinga vandrarane har med mat, overnatting og opplevingar. Dette er ei moglegheit for næringslivet både i Vang og Lærdal, seier prosjektleiar Lisbeth Engebretsen til Porten.no.

Etter at vegen stod klar i 1793 har den blitt fyllt med mykje rik historie. Etter kvart som tida har gått, har stadig nye oppgraderingar skjedd, men Vegvesenet beslutta at vegen skulle bevarast som kulturminne og som ein samanhengande turveg.

Positive til prosjektet

Det er dette prosjektet dette nye samarbeidsprosjektet bygger vidare på. I slutten av januar møttest fleire bedrifter for å diskutera kva dei kunne gjera vidare. To av desse var Jon E. Tamnes frå Sanden Pensjonat i Lærdal og Berit Nefstad frå Sørre Hemsing i Vang. 

– Det er veldig bra at me får eit samarbeid der me kan sy saman pakker og få nokre grupper i staden for berre enkeltpersonar. Og så er det bra at det blir liv langs vegen, seier Nefstad. 

Me driv med overnatting og har stadig sett at me har hatt god nytte av Kongevegen sidan slitten av 1800-talet då Sanden blei etablert

– Me ser veldig positivt på dette. Me driv med overnatting og har stadig sett at me har hatt god nytte av Kongevegen sidan slitten av 1800-talet då Sanden blei etablert, legg Tamnes til. 

Fellesskap

Det var opprinneleg Vang som starta prosjektet og seinare inviterte Lærdal med. Sidan har dei fått ein sum på 300 000 kroner frå Innovasjon Norge som vert brukt på nettverkssamlingar, konsulenthjelp og prosjektleiar. Dessutan må alle bedriftene som vil vera med, betala ein inngangsbillett på 3000 kroner i tillegg til å bidra med timar tilsvarande beløpet frå Innovasjon Norge.

Artikkelen held fram under biletet.

IDÉBANK: Under seminaret var deltakarane frå dei ulike bedriftene delt opp i grupper for å diskutere idear.
IDÉBANK: Under seminaret var deltakarane frå dei ulike bedriftene delt opp i grupper for å diskutere idear.

Ingrid Neste, som også er knytt til prosjektet, seier dei no må stake ut vegen for framtida.

– Det er det desse menneska no gjer, dei finn ut kva kundegrupper me skal satsa på og så vidare. Slike samlingar som dette er viktig for å bli kjende med kvarandre og byrja på tankegangen om fellesskap, fortel ho.

Kultur og historie

Men korleis skal dette vera når det er ferdig? Prosjektleiaren ser for seg masse folk som vil vandre langs Kongevegen.

– Nokre vil kanskje gå heile vegen, andre berre delar av han, medan nokon vil berre bu ein stad og få opplevingar og fordjupe seg på ein plass. Eg håpar at me kan få til tilbod til alle ulike typar vandrarar, syklistar og turistar, seier Engebretsen.

– Det er ei vakker naturoppleving med masse kultur og historie, legg Neste til. 

– Me har alle mogleheit til å bruka den historia for det ho er verdt. Når me får gjestar, kan me laga får eiga vesle historiefortelling basert på det. 

Dei trur også det å spela på fjorden og fjella blir eit viktig element i marknadsføringa. 

Glad E16 vart vald vekk

For nokre veker tilbake la Statens vegvesen fram sitt forslag til kva to vegar dei meiner bør vere hovudpulsårene mellom Bergen og Oslo. Ein av vegane som ikkje kom med var E16 over Filefjell. Det er ikkje denne gjengen uroa over.

– Når eg tenker på reiselivet i Vang, vil det ha nytte av at me ikkje får all tungtrafikken. Alle andre kan få tungtrafikken, berre me får nokolunde veg å køyra på. Trailersjåførane legg ikkje att like mykje pengar som turistane, seier Nefstad.

No går dei sakte, men sikkert i gong med vidare planlegging. Allereie i år skal dei testa ut enkelte delar for å få litt erfaringar, deretter ser dei føre seg ein treårsplan som startar andre halvår i år. 

Til toppen