ROMJULSTREFF: Utladalen Naturhus og Barnas Turlag i Årdal inviterer til romjulstreff i Skåri i romjula. Foto: Privat. 
ROMJULSTREFF: Utladalen Naturhus og Barnas Turlag i Årdal inviterer til romjulstreff i Skåri i romjula. Foto: Privat. 

Samarbeider om romjulstreff i Skåri

Saman med Barnas Turlag i Årdal inviterer Utladalen Naturhus til romjulstreff 27. desember i Skåri. 

Skåri: Dette ettermiddagen er store og små velkomne til fri leik rundt naturhuset.

– Me fyrer bål både inne i grua og ute på bålplassen. I utstillinga kan borna få oppleva historieforteljing ved grua - og slik få eit innblikk i livet i Skåri i gamledagar. Trudde dei på nissen den gong også kanskje? skriv Torunn Todal Laberg i ein e-post til Porten.no.

I tillegg kjem hestane Frysning og Knerten innom for å helse på, og barna får sjansen til å mate hestane med epler og gulrøtter. 

Blir det nok snø, vert det også snømannkonkurranse med premiering til den beste snømannen.

Det vert også noko å bite i og drikke på.

– Me tenner faklar for å lysa litt opp, men ta gjerne med hovudlykt eller lommelykt for vandring i områdetUtladalen 

Til toppen