Ungdomsbedrifta AFR Invest frå Flora vidaregåande skule var vinnar av berekraftprisen under Ungt Entreprenørskapsforum 2019. Forretningsideen er å investere, rettleie og starte opp verksemder i afrikanske U-land gjennom lågare renter enn lokale bankar. Foto: Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.
Ungdomsbedrifta AFR Invest frå Flora vidaregåande skule var vinnar av berekraftprisen under Ungt Entreprenørskapsforum 2019. Forretningsideen er å investere, rettleie og starte opp verksemder i afrikanske U-land gjennom lågare renter enn lokale bankar. Foto: Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane. ( )

Samarbeider vidare entrepenørskap i skulen

Fylkeskommunen held fram samarbeidet med Ungt Entreprenørskap, og vil saman frå fram fleire unge entreprenørar som tør å satse på eiga bedrift, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane: Fylkesdirektør for næring og kultur Jan Heggheim og dagleg leiar for Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane Holger Aasen har underteikna samarbeidsavtalen mellom fylkeskommunen og Ungt Entreprenørskap for 2019.

Signering av avtalen mellom fylkeskommunen og Ungt Entreprenørskap, ved fylkesdirektør Jan Heggheim og dagleg leiar for UE, Holger Aasen. Foto: Jørn Helgheim.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett av 950 000 kr til samarbeid om entreprenørskap i grunnskule, vidaregåande skule og høgskule i 2019. Midlane skal gå til å vidareføre, og styrke arbeidet Ungt Entreprenørskap gjer i fylket.

– Regional plan for verdiskaping slår fast at det er viktig å halde fram det haldningsskapande arbeidet med å få fleire til å satse på eiga bedrift. Ungt Entreprenørskap spelar ei heilt sentral rolle her, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har difor støtta Ungt Entreprenørskap gjennom mange år, seier Jan Heggheim.

Set berekraft på dagsorden

Ungt Entreprenørskap er ein del av ein landsdekkande organisasjon der visjonen er å inspirere unge til å tenkje nytt og skape verdiar. Arbeidet skjer i eit omfattande partnarskap mellom offentlege og private aktørar.

– I 2019 vil vi legge enno større vekt på aktivitetar som set berekraftutfordringane på dagsorden. Vi vil ha aktivitetar i heile fylket med mål om å utvikle nye innovative, klimavenlege og berekraftige løysingar og verksemder, seier Holger Aasen.

Frå 2019 har fylkeskommunen lagt inn 50 000 kr ekstra frå klimamidlane i samarbeidsavtalen. Dette er øyremerka klimaprisar, føredrag om berekraftperspektiv og å sende ei ekstra bedrift med tyngde innan klima, berekraft og miljø til NM for ungdomsbedrifter.

 

 

Til toppen