PUTTA: Ruben Aspeseter scora i sin andre kamp på rad då Årdal 2/Jotun/ÅTIL slo Hyllestad/Dale 2 9-3. Foto: Jan Ove Skjerping. 
PUTTA: Ruben Aspeseter scora i sin andre kamp på rad då Årdal 2/Jotun/ÅTIL slo Hyllestad/Dale 2 9-3. Foto: Jan Ove Skjerping. 

Samarbeidslaget klatra opp på tabelltopp

Frå 4. til 1. plass på eit par timar for årdølene i 5. divisjon.

Dale/Årdal: Det er duka for ein thriller av ein haust i 5. divisjon avdeling 1. Berre to poeng skil dei fire øvste laga med fire kampar att å spele.

Søndag klatra Årdal 2/Jotun/ÅTIL opp til tabelltopp etter å ha slått tabelljumbo Hyllestad/Dale 2 9-3 i Dale. 

Dermed har årdølene scora 17 mål på dei to siste kampane sine. Søndag noterte Anders Lereng seg for fire scoringar, Benjamin Turkovic Alme hadde to nettkjenningar, medan Ruben Aspeseter, Marius Loftheim og Sander Bjørkum Øvstetun scora kvar sitt. 

– Me hadde eit veldig ungt lag denne gongen, og hadde ikkje med oss så mange spelarar frå førstelagstroppen. I staden hadde me to nye gutespelarar med oss, Jacob Øren og Benedict Arsenault, som kom inn etter pause og gjorde ein god kamp. Nicolai Laberg spelte også ein veldig bra match, seier trenar Geir Kjetil Øvstetun til klubben si heimeside.

Vann gjorde også Syril, som slo Askvoll/Holmedal 3-0, men det gjekk ikkje like greitt med dei to topplaga før helga. Balestrand spelte uavgjort mot Førde 3, medan Bjørn gjekk på eit 0-2-tap for Fure. 

Laga frå Sogn tronar framleis høgst på tabellen. No blir det ein ny tur til Dale for årdølene som skal møte Fure. Bjørn og Syril skal også barke saman, medan Balestrand får besøk av Hyllestad/Dale 2. 

Til toppen