SCORA: Truls Sylvarnes scora årdølenes einaste mål då det vart 1-2-tap for Balestrand måndag. Foto: Jan Ove Skjerping.
SCORA: Truls Sylvarnes scora årdølenes einaste mål då det vart 1-2-tap for Balestrand måndag. Foto: Jan Ove Skjerping.

Samarbeidslaget med sesongens første tap

Etter tre kampar utan å sleppe inn mål sprakk nullen.

Balestrand – Årdal 2/Jotun/ÅTIL 2-1

Balestrand: Årdal 2/Jotun/ÅTIL, best kjende som samarbeidslaget, hadde ikkje tapt ein kamp eller sluppe inn mål denne sesongen, men borte mot Balestrand sprakk nullen.

I samband med eit filmprosjekt var det intet mindre enn 15 kamera som fulgte kvart spark på ballen, og ved inngang fekk spelarane med seg ein barneven.

Det einaste som mangla derimot, var dommaren, som ikkje møtte opp. Difor måtte Henning Sagevik ta på seg jobben som kampleiar. 

Hugdal scora to

På eit splitter nytt kunstgras var det heimelaget som tok kontroll på kampen framføre eit entusiastisk publikum. 

Torgeir Hugdal sette inn 1-0 i det 24. minuttet etter eit innlegg, og berre fem minutt seinare var same mann på plass i feltet og nikka inn 2-0.

Truls Sylvarnes reduserte til 1-2 like før pause då Ruben Aspester fann han med eit presist innlegg. I andre omgang kom det ingen fleire scoringar, og dermed måtte årdølene skuffa innsjå at sesongens første tap var eit faktum.

Les fyldig kamprapport her.

Til toppen