SIGRA: Årdal 2/Jotun/ÅTIL, best kjend som samarbeidslaget, tok sesongens første siger på første forsøk då dei sende Syril heim med 1-0. Arkivfoto: Jan Ove Skjerping.
SIGRA: Årdal 2/Jotun/ÅTIL, best kjend som samarbeidslaget, tok sesongens første siger på første forsøk då dei sende Syril heim med 1-0. Arkivfoto: Jan Ove Skjerping.

Samarbeidslaget sigra i vindkasta på Cuba

Årdal 2/Jotun/ÅTIL innkasserte sesongens første siger på første forsøk.

Årdal: Det var ei mørk og stormfull aftan på Cuba, der vinden spelte hovudrolla heilt fram til Marius Loftheim scora sigersmålet mot Syril med under minuttet att på klokka.

Samarbeidslaget kunne dermed juble for ein perfekt sesongstart med 1-0 på Cuba måndag kveld.

Den sterke vinden baud på utfordringar for begge lag, men på sjansestatistikken var det heilt klart heimelaget som gjorde det best. For utan ein gigantsjanse til Syril tidleg i 1. omgang, hadde Preben Gilleshammer ein roleg dag i buret på bursdagen sin.

Kanonscoring

Vertane på si side fekk ballen i mål mot slutten av første 45, men Preben Strypet, som har vore suspendert på førstelaget dei tre siste kampane med raudt kort, måtte fortvilt sjå assistentdommaren vinke for offside.

Det såg ut til å ebbe ut i 0-0, men på overtid, med under minuttet att på klokka, drog Loftheim seg inn i bana og klinka til i krysset frå langt hold og blei dagens helt.

– Eit kjempemål, rett og slett. Me er strålande godt nøgde med kampen, alle i troppen var innpå, og alle gjorde ein flott innsats. Me tek med oss tre poeng og tykkjer det er godt å komma i gang med serien, seier Jan Are Øvstetun til Årdal si heimeside.

Eit lite skår i gleda var då Johnny Aspeseter Hagen, som har vore ute i nesten eit år med ein stygg kneskade, måtte ut att med strekk kort tid etter at han vart bytta innpå i 2. omgang.

No ventar Førde 3 borte komande søndag. 

Til toppen