DANSA AV GLEDE: Edvin Hestetun dansa av glede då han satte inn 4-1 mot Hødd 2. Han bidrog til at Årdal tok tre livsviktige poeng. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
DANSA AV GLEDE: Edvin Hestetun dansa av glede då han satte inn 4-1 mot Hødd 2. Han bidrog til at Årdal tok tre livsviktige poeng. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Samba-stemning då Årdal tok tre livsviktige poeng

Edvin Hestetun viste danseferdigheitene, men det var Preben Strypet som stjal showet med hat trick då Årdal tok tre viktige poeng mot Hødd 2.

Med kniven på strupen og tre heimekampar igjen var oppgjeret mot Hødd 2 ein av kampane Årdal burde vinna for å sanka nok poeng i jakten på ein ny sesong i tredjedivisjon.

Preben Strypet gav heimelaget ein strålande start då han satte inn både 1-0 og 2-0 før kvarteret var spelt, men i det årdølene senka skuldrane reduserte Hødd 2 til 1-2.

Men nok ei scoring frå Super-Strypet, hans tredje i kampen, og sesongens første mål frå Edvin Hestetun sørga for 4-1-seier på krøllgraset i Øvre Årdal.

Årdal-trenar, Ivan Øy, var sjølvsagt nøgd etter kampen.

– Det var ein fenomenal kamp frå vår sida. Eg er veldig nøgd med innsatsen, og i dag fekk me sjå til tider veldig god angrepsfotball. Det er imponerande å sjå karane jobba for kvarandre, seier han til Porten.no etter kampen.

Artikkelen held fram under biletet.

NØGD: Årdal-trenar Ivan Øy var svært nøgd med karane sine etter 4-1 mot Hødd 2.
NØGD: Årdal-trenar Ivan Øy var svært nøgd med karane sine etter 4-1 mot Hødd 2.

– Det var godt å få ein siger att no. Det var lenge sidan sist. Det er alltid kjekt å scora mål, men det er laget som er viktigast. Dette var ein skikkeleg lagseier, seier hat trick-helt Strypet til Porten.no.

Draumeopning

Litt nerver prega spelet dei første minuttane med ein god del høge ballar fram og tilbake, men etter kvart fekk heimelaget ballen ned på bakken og tok kontroll.

Vel vitne om at dei hadde kniven på strupen, fekk Årdal akkurat den starten dei hadde drøymt om. Endre Kauppi Straumsheim viste krefter i ein duell midt på bana og fekk stussa ballen vidare til Strypet.

Frå skrått hold gjorde Årdal-kapteinen akkurat det han skulle og satte ballen sikkert nede til venstre. 

Artikkelen held fram under biletet.

HATTRICK-HELT: Preben Strypet putta tre mot Hødd 2.
HATTRICK-HELT: Preben Strypet putta tre mot Hødd 2.

Og det skulle bli langt betre stemning på krøllgraset like etter når heimelaget blei tildelt straffe. Strypet sendte keeper feil veg og Årdal var oppi ein tomålsledelse før kvarteret var spelt. 

Hødd reduserte

Dei heilraude hadde fått kampen i sitt spor utan at Hødd 2 hadde skapt ein einaste moglegheit. Det siste ein må gjera då er å sleppa seg ned, men det var akkurat det Årdal gjorde.

Det straffa seg raskt for plutseleg byrja eit ballsikkert bortelag å trilla ball. Sakte, men sikkert jobba dei seg inn i boksen og ballen enda hjå Henrik Grimstad. Hødd-kapteinen vendte opp og plasserte ballen roleg i mål. 

Blåtrøyene hadde fått blod på tann no og like etter måtte Preben Gilleshammer ut i full strekk for å nekta gjestane ei utlikning. 

Artikkelen held fram under biletet.

STOD I VEGEN: Preben Gilleshammer stoppa det meste som kom av skudd frå Hødd 2.
STOD I VEGEN: Preben Gilleshammer stoppa det meste som kom av skudd frå Hødd 2.

Mangelen på tøft press og unøyaktigheit straffa seg heldigvis ikkje for Årdal, og no var det deira tur til å stå for underhaldninga. Brede Stedje Ylvisåker var ikkje langt unna å setja inn 3-1 på eit hjørnespark, men ballen traff krysstanga og ut.

Det stod 2-1 til pause, men trass leiing hadde Årdal ingen planar om å gje seg der.

Hat trick-helt

Like etter at Edvin Hestetun hadde entra bana for Tim Teigen viste Johnny Aspeseter Hagen seg frå si beste sida. 23-åringen varta opp ei lekker Cruyff-finte i boksen før han dansa unna ein Hødd-forsvarar. 

Aspeseter fekk ikkje satt krona på verket med ei scoring, men den gode jobben gjorde at ballen havna hjå Strypet som satte inn si tredje scoring for kvelden – hat trick, og det var framleis ein halvtime igjen å spela.

Smil og glede blei fort til bekymra mine då Lasse Lereng låg nede med smerter i skuldra. Høgrebacken kunne ikkje fullføra kampen og vart erstatta med Vegard Aafedt Bukve.

Samba-Edvin

Smila var likevel ikkje langt unna, for berre minuttar etter auka Hestetun til 4-1 då han var på rett plass til rett tid framføre mål.

– No er det opp til oss sjølve. Dette skal me klara. Me har ein tendens til detta litt nedpå midt i kampen, men heldigvis kom eg innpå, og så snudde me dette her, ler målscoraren.

Artikkelen held fram under biletet.

SHOWMANN: Edvin Hestetun sørgja for latterkuler blant publikum då han varta opp med sjølvkomponert dans.
SHOWMANN: Edvin Hestetun sørgja for latterkuler blant publikum då han varta opp med sjølvkomponert dans.

Sesongens første scoring vart feira med ein ikkje fullt så stilfull dans, men til publikums store glede. Årdal var i flyten og heldt unna til siste spark på ballen.

– Eg har jobba mykje med den dansen på Samhold, Påskerockar og alt slikt, så den var en nøydd til å ta. Eg hadde lova heile laget at eg skulle ta den, så det var eg nøydd til, smiler han.

Dermed er tre livsviktige poeng sikra, og dei heilraude klatrar igjen over streken etter at Tornado Måløy vann i helga. Årdal har no eitt poeng meir enn nettopp Tornado Måløy.

Til toppen