STOFFTAK: Det er mykje støy i bilen, uansett om taket er på eller ei. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
STOFFTAK: Det er mykje støy i bilen, uansett om taket er på eller ei. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Same køyreeigenskapar – sjarmlaus motor

For første gong kjem Porsche Boxster med ein firesylindra motor. Det gjev meir effekt for pengane, men mindre karakter.

Det er 20 år sidan Porsche lanserte den første Boxster-modellen, og den noverande utgåva er tredje generasjon, som nettopp har fått ei grundig oppdatering. Boxster, som er den minste sportsbilen til Porsche, har i alle år hatt ein sekssylindra motor, som er midtstilt. Midtstilt er han framleis, men for første gong kjem han med fire sylindrar.

Den nye motoren er på to liter og yter i denne utgåva 300 hestekrefter. Det er med andre ord ikkje mangel på kraft. Dette er i nærleiken av det som tidlegare var S-utgåva, og langt over den førre innstegsmodellen som i Noreg bydde på 211 hestekrefter.

Porsche har valt å kalla denne nye utgåva for 718 Boxster, som er ein liten hommage til den gamle 718 racingbilen frå 50- og 60-talet, som også hadde fire sylindrar. Den store fordelen no er at det oppgjevne forbruket er kraftig barbert, noko som slår gunstig ut når det gjeld avgifter.

Artikkelen held fram under biletet

ORDEN: Interiøret er velfungerande og du sit lågt. Som det sømer seg i ein sportsbil er turteljaren i midten framfor føraren og som i alle Porschar er startknappen til venstre for rattet.
ORDEN: Interiøret er velfungerande og du sit lågt. Som det sømer seg i ein sportsbil er turteljaren i midten framfor føraren og som i alle Porschar er startknappen til venstre for rattet.

Tynn lyd

Med 300 hestekrefter kostar bilen omtrent det same som han gjorde tidlegare med 265, og han er nesten 200.000 billegare enn S-modellen med 315 hestekrefter var. Nedskalering av motorvolum og talet på sylindrar er i tida, og Porsche gjer som alle andre, dei kompenserer med turbo.

Det den gamle, sekssylindra motoren hadde, var karakter. Det har det blitt mindre av med den nye. Først og fremst er lyden langt meir stussleg. Sjølv ikkje på høge turtal blir det noko skikkeleg volum. På eit snedig vis minner lyden om ei luftkjølt Boble. Bilen vi testar er utan sportseksos, noko visstnok dei aller fleste tingar, og det kan truleg hjelpa ein smule.

Han treng også litt turtal før han vaknar, det vil seia får i gang turboen. Men når han først gjer det, går det unna. Null til hundre er oppgjeve til 4,7 sekund, raskare enn den utgåtte S-utgåva, så det er ein seriøst sprek sportsbil.

Balanse

Køyreeigenskapane er like gode som før. Styringa er rask og eksakt, om enn noko underkommuniserande, og bilen tek svingar flatt som ei plattfot. På tørr asfalt er grepet formidabelt, og motoren har eit triks som held på flyten. Han lèt turboen spola eit par sekund etter at ein har gått av gasspedalen, slik at han er med straks du er på veg ut av svingen etter ei nedbremsing.

På verkeleg høge turtal tek det til å bli veldig artig, sjølv utan eit tilfredsstillande lydbilete, og bilen kan briljera med ein balanse som knapt nokon andre kan by på.

Artikkelen held fram under biletet

NYE TAL: Denne midtlivsoppgraderte versjonen av Boxster har i tillegg fått med tala 718, det same gjeld hard-top-versjonen Cayman. Ein liten hommage til racingbilen Porsche 718 frå slutten av femti- og byrjinga av sekstitalet.
NYE TAL: Denne midtlivsoppgraderte versjonen av Boxster har i tillegg fått med tala 718, det same gjeld hard-top-versjonen Cayman. Ein liten hommage til racingbilen Porsche 718 frå slutten av femti- og byrjinga av sekstitalet.

Få konkurrentar

Samtidig sit eg att med ei litt skuffa kjensle etter ganske mange mil i 718 Boxster. Motoren passar liksom ikkje heilt inn. Det byr på meir enn nok med krefter, utan at det blir levert på ein måte som treffer blink. Han er faktisk også tyngre enn motorane han erstattar, eit vektpåslag som Porsche har utlikna med å bruka meir lettvektsmateriale enn tidlegare i andre delar av bilen.

Fordelen til Boxster er at det ikkje er mange konkurrentar. Alfa Romeo 4C Spider byr på mykje av det same, men er langt meir kompromisslaus i form av dårleg komfort og avgrensa brukarvennlegheit. Ein Audi TT er ikkje i nærleiken når det gjeld det sportslege, og verken Mercedes-Benz' SLK eller BMW Z4 er per i dag på same nivå. Ein Jaguar F-Type 3,0 S har karakter i massevis og frekke køyreeigenskapar, men han kostar 400.000 meir enn ein 718 Boxster.

Så med eit lite sukk i retning av dei gode, gamle sekssylindra Porsche motorane, er dette framleis den beste sportsbilen med startpris som ligg under millionen.

 

Til toppen