STORT: – Det å stilla ut kunst saman med Hans Gjesme er rett og slett stort. Det skjer berre ein gong i livet, seier Jens Hauge. Foto: Ina Eirin Eliassen
STORT: – Det å stilla ut kunst saman med Hans Gjesme er rett og slett stort. Det skjer berre ein gong i livet, seier Jens Hauge. Foto: Ina Eirin Eliassen

Same landskap sett med ulike auge

– Det er kanskje ingen som har skildra Lærdal så godt som kunstnarane og lærdølene Hans Gjesme og Jens Hauge, seier Morten Johan Svendsen, avdelingsleiar i Musea i Sogn og Fjordane. 

Laurdag opnar dørene til utstillinga "Fellesrom" av målaren og teiknaren Hans Gjesme (1904-1994) og samtidskunstnar og fotograf Jens Hauge (1953-) på Sogn kunstsenter i Lærdal kulturhus. 

Forskjellige arbeid skal opp på veggen i Sogn kunstsenter. Då Porten.no møtte Jens Hauge tysdag har på seg tøyhanskar og er i god gang med å få kunsten opp på dei kvite veggane i kunstsenteret.

Artikkelen held fram under biletet

FELL PÅ PLASS: Måleria er av Hans Gjesme, medan fotoet i midten er av Jens Hauge.
FELL PÅ PLASS: Måleria er av Hans Gjesme, medan fotoet i midten er av Jens Hauge.

– Kva betyr denne utstillinga for deg?

– Gjesme har betydd mykje for meg. Det å stilla ut saman med han er rett og slett stort. Det skjer berre ein gong i livet, seier Hauge. 

Kortreist og forankra

– Korleis ligg du an før opninga?

– Eg hadde hatt meir tårer i augene om eg ikkje hadde hatt med meg konservator frå Musea i Sogn og Fjordane, seier Hauge, som kjenner på tidspresset, men har god tru på at han kjem vel i hamn. 

Det er Gjesme som har lagt premissa for utstillinga. Han jobba i eit tilgrensa geografisk område i Lærdal og laga teikningar og måleri som stort sett var i gåavstand frå heimen på Voll i Tønjum. Sjølv om Hauge jobbar med landskap i heile Lærdal, har han til denne utstillinga valt ut foto frå Gjesme-landet.  

– No er eg i gang med å få opp mine og Gjesme sine tolkningar av det same landskapet. Eg var så heldig å bli kjent med Gjesme og fekk sjå arbeida hans som ung. Det har inspirert meg. Me har sett ting ganske likt, andre ting heilt forskjellig, fortel Hauge. 

Artikkelen held fram under biletet

GJESMESAMLINGA: Jens Hauge dukkar inn i Gjesmesamlinga i Sogn kunstsenter.
GJESMESAMLINGA: Jens Hauge dukkar inn i Gjesmesamlinga i Sogn kunstsenter.

Kikar inn i skissesamlinga til Gjesme

På denne utstillinga får du i tillegg til teikningar, grafiske trykk og måleri av Gjesme, sjå nokon av skissene til kunstnaren. Skissene har ikkje vore synt fram tidlegare. 

– Til denne utstillinga har me brukt av det store skissematerialet til Gjesme. Desse har eg fotografert og laga reproduksjoner av, slik at folk skal få sjå litt av alt han dreiv med. Noko av desse er også skisser til kjente måleri, fortel Hauge. 

Då ein ofte ser seg blind på det ein ser til dagleg, håpar Hauge at folk får ein ny oppleving av natur og landskapet i Lærdal gjennom utstillinga. 

Meir informasjon om Sogn kunstsenter finn du her

Til toppen