NY LEIING: Samferdsleavdelinga har fått ei ny leiing med Dina Lefdal som fylkesdirektør, Øystein Hunvik (t.v.) som assisterande fylkesdirektør og Ole Ingar Hæreid som plan- og beredskapsleiar. Foto: Mathias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Samferdsleavdelinga har fått ny leiing

Øystein Hunvik, Dina Lefdal og Ole Ingar Hagen Hæreid skal styre samferdsleavdelinga i fylkeskommunen.

Sogn: Dina Lefdal tok til som fylkesdirektør for samferdsle 1. april i år og får med seg Øystein Hunvik som assisterande fylkesdirektør og Ole Ingar Hæreid som plan- og beredskapsleiar.

Dina Lefdal kjem frå stilling som sjefingeniør i Statens Vegvesen med lang erfaring derifrå og tek over for Velaug Veum, som var fylkesdirektør i perioden juni 2003 fram til no.

Hunvik har vore tilsett ved samferdsleavdelinga frå hausten 2008, og har lang erfaring frå arbeid med kollektivtrafikk. Han har arbeidsstad ved fylkeskommunen sine kontor i Førde. 

Ole Ingar Hæreid har vore tilsett i fylkeskommunen frå september 1996 i ulike stillingar og jobba med samferdsle sidan 2003.

Til toppen