LANDA: Samferdsleminister Jon Georg Dale (t.v.) meiner det ikkje er grunn til å frykta at posttilbodet vil verta dårlegare i enkelte delar av landet. Arkivfoto
LANDA: Samferdsleminister Jon Georg Dale (t.v.) meiner det ikkje er grunn til å frykta at posttilbodet vil verta dårlegare i enkelte delar av landet. Arkivfoto

MEININGAR

Samferdsleministeren svarer: – Posten kjem fram i heile landet

Forskjellane i leveringstid for post i ulike regionar av landet er kraftig reduserte, ikkje aukande, skriv samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Meiningar: Når stortingsrepresentant Siv Mossleth (Sp) meiner det er grunn til å tru at posten går mykje tregare i nokre områdar av landet, er det ei grunnlaus frykt.

Det er faktisk direkte feil. Dei regionale forskjellane i leveringstid er nemlig kraftig redusert frå 2017 til 2018. Mellom beste og dårlegaste region er forskjellen halvert. Dessutan er leveringsresultata betre i alle dei fem regionane. 

Det er eg glad for. Eg legg stor vekt på at heile landet har tilgang til gode og framtidsretta posttenester, og eit likeverdig tilbod av leveringspliktige tenester til overkommeleg pris.

For sendingar med behov for stor grad av presisjon eller sendingar som hastar, finst det andre typar tilbod enn ordinær uregistrert post, både frå Posten og andre tilbydarar. Dette inkluderer mellom anna ekspresstilbod. Det er opp til dei enkelte avsendarane å avgjere kva som er best for det behovet dei har.

Omstillingane av posttenestene dei siste åra handlar ikkje om politikarar som ønsker å redusere tenestetilbodet. Dei handlar om at folk og bedrifter i større og større grad sluttar å bruke tenestene. Ja, dei har faktisk fått e-post i staden.

Til trass for omstillingane brukar vi på grunn av stupande brevvolum stadig meir offentlege pengar eit tenestenivå som stadig færre brukar og er avhengige av. Men for dei som framleis har bruk for det, skal vi ha eit godt, likeverdig tilbod i heile landet.

Til toppen