KRITISKE: Representantar frå Raudt er blant anna kritiske til at Statnett strammar inn og aukar nettleiga.
KRITISKE: Representantar frå Raudt er blant anna kritiske til at Statnett strammar inn og aukar nettleiga. (Foto: Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes)

MEININGAR

Forslaga frå kraftskatteutvalet er eit stygt angrep på distrikts-Noreg

– Auken i nettleige og forslaga frå kraftskatteutvalet, er eit stygt angrep på distrikts-Noreg, skriv forfattarane av innlegget.

Meiningar: Regjeringspartia, med hjelp frå AP og MDG, vedtok tilslutning til EU sitt energibyrå (ACER). Stortingsfleirtalet har etter dette halde fram med å dra energipolitikken i feil retning.

Både miljøomsyn og omsynet til å sikre industrien og forbrukarane prisar å leve med, gjer at det trengst nasjonal politisk kontroll med kraftproduksjon og -distribusjon.  Stortingsfleirtalet fører ein distrikts- og arbeidsplassfiendtleg politikk overfor kraftkrevjande industri. I dag kan industrien få maks 75 prosent i tariffreduksjon, men frå 2020 blir maksgrensa redusert til 60 prosent. Det er andre året på rad at Statnett strammar inn og aukar nettleiga. Fagforbundet Industri Energi har, med rette, kritisert dette.

Industri Energi har også rett når forbundet kritiserer kraftskatteutvalet som vil avvikle konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Utvalet vil overføre inntekter frå kommunar og fylke til staten (334 millionar kroner i året berre frå Sogn og Fjordane). Fagforbundet EL og IT kritiserer utvalet for at dei legg til grunn at offentleg eigarskap blir fjerna.  Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) har også rett i kritikken av utvalet sitt råd om å avvikle konsesjonsordningane og nesten avvikle moglegheita til eigedomsskatt.  Kraftskatteutvalet har heller ikkje forslag til kompensasjon for kraftkommunane sitt milliardtap (3,6-4,0 milliardar kroner).

Auken i nettleige og forslaga frå kraftskatteutvalet, er eit stygt angrep på distrikts-Noreg. Vi treng ein kraftpolitikk som ikkje er underlagt EU si marknadstenking.  Industrien må få langsiktige rimelege kraftavtalar, samtidig som det blir stilt krav om energisparing, bruk av grøn teknologi og at krafta blir nytta til produksjon.

Vi må stanse planane om fleire sjøkablar til utlandet - mellom anna for å sikre arbeidsplassane i kraftkrevjande industri. På Stortinget har derfor Raudt foreslått at regjeringa skal avslå konsesjonssøknaden frå North Connect.

Stortinget må vidare sikre alle kommunar, med eller utan kraftinntekter, meir romsleg økonomi. Det må arbeidast for utjamning av nettleiga i Noreg og sikre oss forbrukarar ein meir rettferdig straumpris. Det må innførast ei to-delt elavgift med høgare priser for luksusforbruk. Det er også nødvendig å ruste opp eksisterande vasskraftverk, og Stortinget må vedta eit skattesystem som ikkje hemmar dette.

Til toppen