CRUISETRAFIKK: Cruisetrafikken i Flåm er den største av dei fem stadene i Sogn og Fjordane som tek imot cruiseskip. Foto: Jan Christian Jerving. 
CRUISETRAFIKK: Cruisetrafikken i Flåm er den største av dei fem stadene i Sogn og Fjordane som tek imot cruiseskip. Foto: Jan Christian Jerving. 

Samla cruisestrategi for Vestlandsregionen 

Målet er ein berekraftig utvikling av cruisturismen. 

Aurland: Fylkeskommunen Sogn og Fjordane har no slutta seg til ein felles cruisestrategi for Vestlandsregionen. 

Fylkesutvalet vedtok 1. juni at fylkeskommunen sluttar seg til strategien, som er felles for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vestlandsrådet starta 5. desember 2014 arbeidet med ein felles strategi.

Les også: Felles cruisestrategi for Vestlandet

– Cruisestrategien skal løfte fram relevante utfordringar for den forventa veksten av cruiseturismen i Vestlandsregionen, står det i pressemeldinga frå fylkeskommunen. 

Berekraftig turisme 

Cruisetrafikken i Flåm er den største av dei fem stadene i Sogn og Fjordane som tek imot cruiseskip. I fjor var det 181.196 dagpassasjerar som var innom den vesle bygda i Aurland kommune. Til samanlikning hadde Olden 88.738 dagpassasjerar og var dermed nest størst i fylket. 

Ei avgift eller eit destinasjonsbidrag kan vere eit verkemiddel for å regulere cruisetrafikken og bør i tilfelle vere ei nasjonal ordning for å unngå at det blir konkurransevridande i forhold til andre regionar i landet. 

 Ei nasjonal ordning med ei fellesgode -finansiering bør kanskje også omfatte heile reiselivsnæringa. Begge alternativa bør greiast ut der ein ser på mogelege, nasjonale løysingar og kva konsekvensar ei slik ordning vil ha.

Her kan Vestlandsregionen gå føre og ta initiativ til ei nasjonal utgreiing i denne saka og kan også vere eit forsøksområde for ein slik ordning då 70% av all cruisetrafikk skjer nettopp i Vestlandsregionen.

Internasjonalt leiande

I cruisestrategien står det mellom anna at Vestlandsregionen skal vere internasjonalt leiande på berekraftig cruiseturisme.  Cruiseturismen i regionen skal utviklas ti samsvar med UNWTO sine 10 prinsipp for berekraftig reiseliv.

Spreiinga av trafikken skal betrast mellom hamner og gjennom sesongforlenging. Ein skal få fram betre og meir oppdatert datagrunnlag og kunnskap om dei miljømessige konsekvensane av cruisetrafikken, både regionalt og nasjonalt. 

Ein skal leggje til rette for at cruiseturistane i størst mogleg grad tek i bruk miljøvenlege transportform e r i hamner og på reisemål.

For å nå måla ber fylkesutvalet og i vedtaket om at det vert utarbeidd ein handlingsplan for iverksetting av tiltak.

Cruisestrategien er meint å vere ein del av den overordna reiselivsstrategien for heile Vestlandsregionen som igjen er ein del av den regionale næringsutviklinga i denne regionen.

Her kan du lese heile cruisestrategien for Vestlandsregionen

Til toppen