MOTSTAND: Mange har engasjert seg i kampen mot vindkraftutbygging i kommunane som ligg inne i forslaget til nasjonal ramme for vindkraft.
MOTSTAND: Mange har engasjert seg i kampen mot vindkraftutbygging i kommunane som ligg inne i forslaget til nasjonal ramme for vindkraft. (Illustrasjonsfoto: Foto: Flickr/ Danny Howard)

Samla over 1300 underskrifter mot vindkraft i Høyanger

Måndag sender Informasjonskomiteen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger inn underskriftene den har samla mot vindkraftutbygging. Styremedlem Einar Rysjedal samanliknar engasjementet med EU-kampen

Høyanger: I Høyanger kommune samla Informasjonskomiteen mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger totalt sett inn 1306 underskrifter mot vindkraftutbygging i fjella. Underskrifter frå dei fire kommunane vert sende inn til Olje- og energidepartementet i dag. Høyringsfristen er tysdag 1. oktober. 

Einar Rysjedal er styremedlem frå Høyanger i komiteen. Han samanliknar engasjementet og uttalane han har møtt då han har samla underskrifter med kampen mot EU. 

– Krafta i uttalane til folk og at saka handlar om kor vidt nokre skal selje vekk felleseigedomen, allemannsretten og naturlandskapet minnar om intensiteten i EU-saka, seier han. 

Han leverte underskriftene frå kommunen til komiteen på Sande måndag. 

Både papir og nett

I tillegg til dei fysiske underskriftslistene har det blitt samla inn 1900 underskrifter på den felles elektroniske lista som låg på nettet, ifølgje leiar i Informasjonskomiteen, Ingunn Kjelstad. 

Samla sett er det førebels telt opp 2840 underskrifter på manuelle lister frå dei fire kommunane. Med dei digitale underskriftene vert det 4740 underskrifter i dei fire kommunane, opplyser Kjelstad. 

Ho seier at det kan komme nokre underskrifter til i løpet av dagen, men at det truleg ikkje vert store endringar. 

Informasjonskomiteen skal ha nytt møte 7. oktober for å planleggje og drøfte korleis den skal arbeide vidare etter at høyringsfristen er ute. 

Endelege tal

Dei endelege tala for underskrifter i dei fire kommunane vart slik:

Papirunderskrifter: 
Fjaler – 526
Gaular – 673
Hyllestad – 450
Høyanger – 1306

Det vart samla 2510 digitale underskrifter. Samla sett vart det samla 5465 underskrifter i dei fire kommunane. 

I Gulen vart det tidlegare samla 1570 underskrifter mot vindkraft i ei underskriftskampanje som gruppa Folk for fjella gjennomførte. 

Til toppen