Høyanger: – Det er veldig gøy å vere her og spanande å få besøk av spelarar frå Sogndal. Det gjev ekstra motivasjon, seier Sverre Skreien (11), som har som mål å komme på kretslaget.

BILDESERIE
Samla over 60 born på fotballskule – fekk inspirerande besøk frå Sogndal
IL Høyang fotball arrangerte fotballskule for første gong denne veka og ønskjer å satse vidare på arrangementet. – Det er viktig at borna har det kjekt og finn tilbake fotball-gløden etter ein spesiell vår, seier Tore Ytredal.