Lavik: – Me står her i dag for å syne at me ikkje er demonstrantar, men menneske. Og som menneske er me ikkje berre statistikk. Me står samla skulder mot skulder og syner at me har rett på same tilgang til hjelp som alle andre, sa kommunestyretrepresentant Eirin Borlaug (Sp) i appellen ho heldt.

Samla seg kring ambulansen i Lavik, initiativtakar: – Me er menneske, ikkje berre statistikk
Mellom 250 og 300 personar møtte opp i Lavik søndag ettermiddag for å signalisere til Helse Førde kor viktig det er for dei at det framleis vert stasjonert ein døgnambulanse i bygda.