EININGE OM DEI STORE LINJENE: Gunn Beate Sjøtun (Sp) (f.v) og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) fekk behalda Ljøsne skule enn så lenge, varaordførar Trond Øyen Einemo (H) er nøgd med samspelet i prosessen så lagt, Annike Vanberg (SV) måtte gi opp kampen for eigedomskatt på bustader og fritidsbustader, medan Kåre Mentz Lysne (Ap) meiner ein må ha fokus på å redusere stillingar med naturleg avgang. Foto: Ina Eirin Eliassen
EININGE OM DEI STORE LINJENE: Gunn Beate Sjøtun (Sp) (f.v) og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) fekk behalda Ljøsne skule enn så lenge, varaordførar Trond Øyen Einemo (H) er nøgd med samspelet i prosessen så lagt, Annike Vanberg (SV) måtte gi opp kampen for eigedomskatt på bustader og fritidsbustader, medan Kåre Mentz Lysne (Ap) meiner ein må ha fokus på å redusere stillingar med naturleg avgang. Foto: Ina Eirin Eliassen

Samla seg om snuoperasjon for å berga økonomien

Ved å snu reknestykket, kan Lærdal kommune klara å spara inn vel 19 millionar dei neste fire åra, utan at dei treng å innføre eigedomskatt på bustader og fritidsbustader. 

Lærdal: Dei siste vekene har det vore tøffe tak i Lærdal kommune, der ingen område har sluppe unna lupa for eventuelle kutt. Svikt i kraft- og skatteinntekter har ført til naudsynte innsparing på kring 20 millionar dei neste fire åra. 

Les også: Så langt var dei komne med kuttlista tidleg i november. 

Kome fram til eit politisk kompromiss

I den siste veka har det vore hektisk møteverksemd i dei politiske gruppene, som har ført fram til at partia har vorte einige om eit nytt vedtak til budsjett for 2016 og økonomi- og handlingsplan for 2016 til 2019. Dermed var framlegga frå rådmann Alf Olsen jr. stemt ned av eit samrøystes formannskap i møtet torsdag morgon.

Likevel er det langt fra mykje å rutte med i dei fire neste åra. Dei største kutta kjem framleis i eininga for pleie- og omsorg, på 8 millionar, og i oppvekst, på 4 millionar i fireårsperioden. 

– Me har no ein langsiktig plan for korleis me skal redusere driftsnivået på kring 20 millionar, slik at drifta ikkje skal vera avhengig av svingane inntekter. Det betyr at det blir stabilitet i teneste til innbyggarane, i organisasjonen, og eit auka politisk handlingsrom til å driva politikk, forklarar Olsen jr. 

Snudde om på byggeprosjekt

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp), som var sjukemeld då kuttprosessen starta, kom attende sist måndag, men har følgt prosessen som ein innbyggar gjennom det han las i media. 

– Det var frustrerande å sjå at ein ikkje såg ei anna løysing enn å nytte alle midlane me hadde. No har me løyst det på ein anna måte og kan dermed nå målet om innsparingane over fire år, utan å ta i bruk eigedomskatt på bustader og fritidsbustader, noko som er godt gjort. Me har no kvalitetssikra både tal og tankar, og har vald å snu byggeprosjektet i pleie- og omsorg, fortel Solheim.

Formannskapet vil dermed gjere om sjukeheimsplassar til omsorgsbustader. Ved å starte opp med omsorgsbustadane, men vente til slutt med sentralfunksjonane, som vaskerom og omkledingsrom til tilsette, gir ein innsparing på kring 8 millionar kroner, ut ifrå det administrasjonen har kalkulert med. 

– Det fører til at tilskota frå staten kjem før, då det ikkje er tilskot til fellesromma. Me får også att momsen før, då me aukar takta først i byggeperioden, seier Solheim. 

Ta den akutte situasjonen - tek kutta frå 2017

Politikarane vil no bruka alt av tilgjengelege inntekter for å handtere den akutte stoda, då dei ikkje klarar å gjera reduksjonar i løpet av 2016. Kutta vil då koma primært frå 2017 og utover, ettersom bruk av kraftinntekter inn i drifta blir trappa ned.

– Me går mellom anna inn og brukar kraftinntektene frå Stuvane kraftverk, som kommune eig, for å handtere den akutte stoda. I starten av perioden brukar me alle midlane frå Stuvane på 4 millionar inn i drifta, og utover i perioden går me over til å nytte desse til å betale ned på gjeld, slik me har bestemt me skal bruke desse pengane til, seier Solheim.  

Det er også naudsynt å gjera endringar innan for eininga for oppvekst, som tilsvarar kring 4 millionar kroner over fireårsperioden. Likevel vil ikkje desse endringane kome før ein skal gå i gang med skulebruksplanen mot sommaren 2016. Då skal politikarane einast om til dømes Ljøsne skule skal vera med inn i framtida. 

– Gjer me om tala for innsparingane, snakker me nok om mellom 30 til 40 årsverk over fire år. 

Mot slutten av planperioden er det også langt inn kostadsreduserande tiltak på 1,5 millionar i administrasjonen, 2 millionar i helse og 2 millionar i tekniske tenester. Investeringar blir avgrensa til det som har starta opp i 2015, naudsynte investeringar på sjølvkostområdet som vatn og avløp, og investeringar som gir driftsmessige innsparingar. Det er heller ikkje sett av særskilde midlar til distriksandel ved ras, flaum eller anna naturskade i planen. Satsane for brukarbetaling er også auka frå 2016. 

Tilpasse tenetene til behovet – betyr kutt i stillingar

Etter prognosane for folketal er det vekst i talet på eldre, med reduksjonar i talet på folk i yrkesaktiv alder, barn og unge i Lærdal framover. Det er bakgrunnen for at kommunen no vrir ressursbruken frå unge over til dei eldre for å tilpasse tenestene etter behovet. 

Det er difor også naudsynt med reduksjon av tilsette for å nå målet om kutt. Ut over dei som kjem over i pensjonsalder og sluttar på naturleg vis, vil det også vera behov for oppseiingar. 

– Gjer me om tala for innsparingane, snakker me nok om mellom 30 til 40 årsverk over fire år. Det er ein beinhard situasjon, som blir krevjande å gjera på ein skikkeleg måte. Det som er viktig for oss er no å ivareta rettande til dei tilsette på best mogleg vis og vera tydeleg på å følge lovar og rettar som gjeld. Me har lagt opp til eit tett samspel med fagforeningane for å få det til, seier Olsen jr. 

Stramt budsjett

– Me veit det er stramme budsjett, som har konsekvens for brukarane innan særleg pleie- og omsorg og oppvekst. Det er også kutt i småting som betyr mykje for brukarane. Me har mista kring 15 millionar inntekter dei tre siste åra. Ser ein inn i glaskula framover, kan me stå i fare for å mista ytterlegare inntekter. Difor ligg eigedomskatt bustader og fritidsbustader som ein reserve for framtidig inntektssvikt, seier Olsen jr. 

– Kva kan skje fram til kommunestyret skal vedta saka i desember?

– Det er at dei ulike politiske gruppene kjem med sine enkeltinnspel og tykkjer noko er urettvist, slik at det blir ein omprioritering av framlegget som ligg føre. Det er berre slik det er. Så er det ei politisk vurdering om desse skal bli teke omsyn til eller ikkje, der administrasjonen kan kome med faglege innspel, seier Olsen jr. 

Rådmannen er no nøgd med å få klare politiske mål å styra etter.

– Eg føler me har klart å jobbe i lag mot eit felles mål, både administrasjon og politikarar, og at me har ein god prosess bak oss. Vore ute å informert i organisasjonen, dei skjønar situasjonen er krevjande. Dette trur eg no føler til ro i organisasjonen, noko me ikkje hatt til no, seier Olsen jr.

Framlegget til budsjett for 2016 og økonomi- og handlinsplan for 2016 til 2019 ligg alt ute til offentleg ettersyn. Desse skal opp til handsaming i kommunestyret 17. desember. 

Til toppen