NY STRATEGI: Hilmar Høl (Ap), leiar av hovudutval for plan og næring, har jobba særleg med den nye industristrategien. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad /Sogn og Fjordane fylkeskommune
NY STRATEGI: Hilmar Høl (Ap), leiar av hovudutval for plan og næring, har jobba særleg med den nye industristrategien. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad /Sogn og Fjordane fylkeskommune

Samlar industrispørsmåla til ein strategi

Fylkestinget vedtok tysdag ein industristrategi for Sogn og Fjordane gjeldande frå 2016 til 2025. 

Målet var å samla industrispørsmåla som var spreidd i ulike satsingar, til ein eigen strategi. Fylkestinget la vekt på samordning av politikk knytt til energi, klima og industri, som viktig for energifylket Sogn og Fjordane. Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. 

Saksdokumenta finn du her. 

– Me kan om me vil

Hilmar Høl (Ap), leiar av hovudutval for plan og næring, uttalte under fylkestinget at han no er stolt over at industristrategien no kom på dagsorden, ein presis plan med politisk gjennomførbare mål om fylkestinget berre vil.

Viktige forutsetningar for å nå målet i verdiskapningsplanen om 500 nye arbeidsplassar kvart år fram mot 2025, vil då mellom anna vera å vidareutvikla dei sterke industrimiljøa, skape spin-off fra desse, bidra til etablering av nye teknologiske bedrifter og skapa industriklynger som kan birdra til stor verdiskaping og sysselsetting. Gjennom dette seier Høl at ein kan gje melding om at Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å bidra til utvikling av ein ny industripolitikk i Noreg, der ein nyttar verdikjeda frå naturressursar. 

Skal vera eit verktøy

Gjennom intervju og ein grundig høyringsrunde har industristrategien blitt til med klar medverknad frå næringsliv og offentlege institusjonar i fylket.

Strategien skal vera eit verktøy som skal legge til rette for verdiskaping i industriverksemder og hos leverandørane til industriverksemdene i fylket.

Av dei som skal følge opp både industristategien og verdiskapingsplanen er mellom anna fylkeskommunen, Fylkesmannen, NHO, Nav og Innovasjon Norge.

Del av større plan for verdiskaping

Den nye industristategien er ein del av verdiskapingsplanen, som vart vedteke av fylkestinget i 2014. Under handsaminga i fylkestinget vart det vedteke mindre endringar tysdag. 

Den førebelse industristrategien for Sogn og Fjordane 2016 - 2025 finn du her, men når den endelege strategien er klar finn du den på nettsidene til fylkeskommunen

Til toppen