Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Samlar informasjon om kollektivtrafikken under eit namn

Kringom.no er det nye namnet til nettstaden for kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane fylkeskommune samlar no all informasjon om kollektivtrafikken i fylket på nettstaden kringom.no. Her finn du rutetider, reiseplanleggar, informasjon om pris, rabatt og skysskort. 

NY INNPAKNING: Bussane som trafikkerer fylkeskommunale bussruter i fylket, skal i framtida sjå slik ut. Illustrasjon: A til Å Grafisk Design og Media
NY INNPAKNING: Bussane som trafikkerer fylkeskommunale bussruter i fylket, skal i framtida sjå slik ut. Illustrasjon: A til Å Grafisk Design og Media

Lett å hugse

Namnet kringom skal spegle korleis me ferdast i dette fylket. Nemleg under fjell og brear, over fjordar, opp og ned dalar, gjennom tunnelar og ut mot havet.

– Det blir spennande å sjå korleis namnet blir motteke. Me meiner det er dekkande for aktiviteten me har rundt om i fylket og håpar namnet skal vera lett å hugse. Slik vil me no gjera det lettare for folk som skal ut å reise i Sogn og Fjordane, seier Øystein Hunvik, seniorrådgjevar i fylkeskommunen i ei pressemelding.  

Nynorskord var viktig

I jakta på eit godt namn på kollektivtransporten i fylket, var det viktig for fylkeskommunen at namnet skulle vera eit godt nynorskord. Det meiner Noregs Mållag fylkeskommunen har lykkast med. 

– Fylkeskommunen har funne eit flott namn. Kringom er eit godt og markert nynorskord. Det syner ein medviten fylkeskommune som ikkje er redd for å markera seg på nynorsk. Det er viktig for det språklege medvitet i fylket at fylkeskommunen profilerer seg slik på nynorsk, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag.

NY LOGO: Busskorta i fylket får også ny grafisk utforming no framover, med den nye kringom-logoen. Illustrasjon: A til Å Grafisk Design og Media
NY LOGO: Busskorta i fylket får også ny grafisk utforming no framover, med den nye kringom-logoen. Illustrasjon: A til Å Grafisk Design og Media

– Både traust og solid ​

Også Jan Olav Fretland, fylkestingsmedlem for SV og leiar for forumet Nynorskfylket, er nøgd med namnet, som han meiner er både traust og solid. ​

ORD FRÅ GRUNNFJELLET: Jan Olav Fretland, fylkestingsmedlem for SV og leiar for forumet Nynorskfylket. Arkiv
ORD FRÅ GRUNNFJELLET: Jan Olav Fretland, fylkestingsmedlem for SV og leiar for forumet Nynorskfylket. Arkiv

– Ordet treffer midt i det kollektivtilbydarane i Sogn og Fjordane skal stå for: Dei skal vera kringom alle stader. Eg koplar det òg til kringkasting: radio og fjernsyn kringom  til alle grender og bydelar i Noreg. I norrønt heitte det í kring um, så ordet står på tusen års trygg grunn. Det er viktig at me torer å bruka slike ord frå det norske språklege grunnfjellet i ei moderne tid og om moderne framkomstmiddel. Sogn og Fjordane skal syna at me er språkfylket og nynorskfylket framom nokon, slår Fretland fast.

Til toppen