LESJA: Skyttarar frå alle kantar av landet er denne veka samla til Landskyttarstemnet på Lesja i Oppland. Foto: Glenn Vie
LESJA: Skyttarar frå alle kantar av landet er denne veka samla til Landskyttarstemnet på Lesja i Oppland. Foto: Glenn Vie

Samlar landets beste skyttarar

Heile 60 årdøler og lærdøler tek del i skyttarfesten på Landskyttarstemnet på Lesja i Oppland denne veka.

Sist laurdag gjekk startskotet for Landskyttarstemnet på Lesja, der dei beste i landet kjempar om medalje i ulike klassar for baneskyting og feltskyting.

Av dei 60 deltakarane frå Årdal og Lærdal er 11 av desse er frå Tønjum skyttarlag og sju er frå Hegg skyttarlag i Lærdal, medan 16 deltek for Knipenborg skyttarlag og 26 frå Farnes skyttarlag i Årdal. Nokre av lærdølene og årdølene representer også samlaget Indre Sogn på lagskyting i klassane junior, veteran og senior. 

Dei fleste begynner no å nærme seg ferdig med den innleiande skytinga, før finalane tek til. 

Resultata kan du følga med på her. 

TO FINALEPLASSAR: Ole Bjarne Hovland, Knipenborg skyttarlag, er akkurat ferdig med innleiande runde i banskyting under landskyttarstemnet på Lesja.
TO FINALEPLASSAR: Ole Bjarne Hovland, Knipenborg skyttarlag, er akkurat ferdig med innleiande runde i banskyting under landskyttarstemnet på Lesja.

I teten

Onsdag starta innleiande baneskyting for dei beste seniorskyttarane i landet. Ole Bjarne Hovland, frå Knipenborg, var onsdag føremiddag i elden og sikra seg ein førebels 18. plass med 240 poeng av maksimalt 250 i klasse 5. Dermed er han i finalen i baneskyting, sjølv om det ikkje rakk til kongelaget. 

– Hovland fekk det ikkje heilt til, men resultatet er godt, seier Robert Sandvik, leiar i Knipenborg skyttarlag. 

Glen Vie frå Farnes fekk 238 poeng av maksimalt 250 i klasse 5 onsdag. Han seier han ikkje trur det held til finale, noko som er avhengig av kor godt skyttarane treff utover dagen. 

Under innleiande runde i feltskyting måndag sikra Hovland, som skyt i klasse 5 for Knipenborg, og Rune Vikøren, som skyt i klasse 4 for Farnes skyttarlag, seg finaleplassar i kvar sine klassar med 29 treff av 30 skot, sjølv om det kan bli hardt å ta att dei som hamra inn 30 treff, ifølgje papirutgåva av Sogn Avis.

Dei yngre hevdar seg

Jon-Herman Hegg (16) frå Hegg, sikra seg finaleplass fredag etter innleiande runde i feltskyting i juniorklassa med full pott på 30 skot. No er han også klar for finale torsdag i baneskyting.

Hegg har tidlegare vunne landskyttarstemnet, og seier til Sogn Avis at han også i år vil kjempa i toppen. 

FULL POTT: Nikolai Nygård deltek i rekruttklassa og er klar for finale fredag. Både Nikolai og Hanne Johansen Vikøren har gde moglegheiter til å gå til topps i kvar sin klasse, fortel Glenn Vie i Farnes skyttarlag. 
FULL POTT: Nikolai Nygård deltek i rekruttklassa og er klar for finale fredag. Både Nikolai og Hanne Johansen Vikøren har gde moglegheiter til å gå til topps i kvar sin klasse, fortel Glenn Vie i Farnes skyttarlag. 

Godt gjekk det også for Hanne Johansen Vikøren (14), Farnes, i klasse eldre rekrutt på baneskyting søndag, med 249 av 250 moglege poeng før tysdagens skyting. Vikøren sikra seg 30 treff og fullt hus tysdag og sikra seg finaleplass fredag, fortel Glenn Vie, leiar for Farnes skyttarlag. 

Nikolai Nygård og Ida Indrebø frå Farnes deltek i den yngste klassa, rekrutt, som er frå 11 til 13 år. Dei fekk inn full pott på 30 treff, og kan gjera seg klare til finale i feltskyting fredag. Også Erling Fagerlund, frå Tønjum skyttarlag, har også sikra seg plass i finalen med 249 poeng av maksimalt 250. Nykommaren Vilde Bjørkum, Tønjum, skaut 246 poeng, og det er heller ikkje utenkeleg at det også blir finaleplass ho, men det står enno att rekruttar som skal i elden, fortel leiar i Tønjum skyttarlag Jarle Offerdal. 

Rekrutten Jens-Henrik Hegg, frå Hegg, er også i finalen i feltskyting fredag. Han har framleis også moglegheit å sikra seg finaleplass i baneskyting, avhengig av korleis dei andre rekruttane gjer det, fortel Olav Tiemann Hegg i Hegg skyttarlag. 

– Dei unge frå Hegg har gjort det veldig bra. Me er sju stykk som har vore fast i mange år, fortel Tiemann Hegg, som saman med familien tek landskyttarstemnet som hovudferie denne sommaren. 

Dei tre juniorane på Farnes skyttalag Sara Vie, Maia Vetti Grøndal og Eskild Fortun gjorde det også godt på baneskytinga tysdag. 

– Me har aldri vore så mange frå Farnes før. No har me med mange unge, noko som er kjempeflott. Det er god rekruttering som er målet, seier Vie, som fortel det er eit utruleg samhald, der dei eldre støttar opp om dei yngre under stemnet. 

Veteranar i storform

LOVAR GODT: Ludvig Indrebø, frå Farnes skyttarlag, ligg godt an før finalen fredag.
Foto: skytterbilder.no

Ludvig Indrebø, veteranen frå Farnes som tevlar i klassa V73, sikra seg finaleplass fredag med 30 treff, der 27 av dei låg i indre felt. Han har sikra seg medalje før, og ligg no som nummer to etter innleiande runde, noko som lovar godt for finalen. 

I tillegg skaut Bjarne Sandvik, Knipenborg, godt i innleiande feltskyting, V55, med 29 treff av 30 skot, og er dermed klar for finale torsdag. 

Samlagsskyting

Under samlagsskytinga for ungdommane måndag kveld vart dei fire beste gjennom sesongen frå Sogn Indre samskyttarlag på plass. Der deltok mellom anna Jon-Hermann Hegg, som skaut i junior klassen, seks skot kneståande og fire liggande og tok 99 poeng. Totalt kunne dei fire på samlaget oppnå 400 poeng, noko som vart for hardt for Sogn Indre samskyttarlag.

Til toppen