PÅSKA: Ole Ramshus Sælthun kosar seg på Galdebergtinden ved Fondsbu/Eidsbugarden i påska. Foto: Privat.
PÅSKA: Ole Ramshus Sælthun kosar seg på Galdebergtinden ved Fondsbu/Eidsbugarden i påska. Foto: Privat.

Samlar på tindar og skriv fjellkrim

Toppturar og krimbok er ingen openbar kombinasjon. Men for Ole Ramshus Sælthun er det vorte nettopp det. No samlar han bok- og turprosjektet på ei nettside.

Lærdal: – Kulissane er jo fantastiske. Forrivne formasjonar, dødsfeller overalt. Så jo, det er ein klar fellesnemnar. Dramatikk. Det er det som gjer krim så populært. Og dramatisk landskap gjev fantastisk utsikt, noko dei fleste toppturentusiastar søkjer etter, seier Sælthun. 

Me går knappe sju år tilbake i tid. Ramshus Sælthun skal laga reportasje for NRK om Cristoffer Claussen sitt prosjekt der han skulle leva ute i eitt år på Frønningen, berre av det han fangar og sankar sjølv.

– Prosjektet viste seg vel i ettertid å vera vel ambisiøst, utan at eg skal rippa opp i det. Men uansett; eg vart svært fascinert av ideen. Ikkje nødvendigvis akkurat det same – meir på overordna plan, å dedikera eitt år til fjellet. Eg har gått mykje til fjells heile livet, ofte åleine. Det gjev ei eiga ro, eg føler meg liksom heime i fjellheimen. Så då byrja tankane å svirra om å starta på mitt eige fjellprosjekt. Etter kvart vart det nesten plagsamt, faktisk. Desse tankane trengde seg på kvar dag, mange gonger om dagen, seier Sælthun. 

Samla alle

Etter å ha leika med ulike idear fall han til slutt ned på noko – å gå så mange 2000-meterstoppar som mogleg på eitt år. Og på sikt få samla alle, helst i eit femårsperspektiv.

– Eg var over 2000 moh for første gong i 2002 – onkelen min tok med meg på Store Austanbottind. Etter kvart har det vorte ein god del toppar, og eg vart «seld» på Gjertvasstind påska 2007 – det er den vakraste staden eg har vore på jord så langt. Difor tok eg meg halvanna veke i Jotunheimen i mai året etter og gjekk på litt over tjue totusenmetringar. Det er ti dagar som verkeleg har hogd seg inn i minnet, seier han.

Det er i år han skal ta så mange som mogleg. Helst hundre. No har han 24. Håpet er å koma over femti i løpet av mai, då har Ramshus Sælthun fri i overgangen mellom to jobbar. Så er den andre halvparten att til sommarferien.

– Eg har fått ein grei start. Det er nokre småting som irriterar meg. Eg burde ha hatt seks til på noverande tidspunkt. Utan å gå i detaljar handlar det mykje om tolking av vermeldingar og kva tindar ein skal satsa på når. Ja, ein blir litt smårar av dette – eg veit. Men eg tykkjer eg klarar å kosa meg masse på turane også – det har ikkje vorte eit slikt jag eg eigentleg frykta. Når eg ser på GPS-en i ettertid har eg stort sett site i ro minst ein tredel av tida eg har vore på tur. Så det er eit overskotsprosjekt, absolutt.

Filmar og skildrar

På turane tek Ramshus Sælthun mykje bilete av korleis ruta er. Bileta skriv han skildringar til og lagar korte filmar av som no ligg på You Tube og er samla gjennom nettsida han nett har lansert.

– Mange samlar på totusenmetringar og det er sikkert ein heil del som har vore over 2000 moh fleire gonger enn meg i år. Så slik sett er det ikkje noko spesielt i dette. Men desse videoane, eller bileteshowa eller kall det kva du vil – dei skil seg ein del frå tradisjonelle turrapportar. Det var slik eg fekk ideen – når eg har planlegg alpine turar søkjer eg alltid etter turrapportar på førehand. Både for å velja ein tur eg tykkjer ser grei ut etter disponibel tid, om det har vorte vel mykje tid på sofaen i det siste, også vidare. Men også for å vera best mogleg førebudd til turen. Ofte tykkjer eg desse rapportane blir litt lite visuelle – det står om ein eller annan hammar du må runda, ei eller annan hylle du må treffa, eit eller anna punkt du må vera obs på. Då tenkjer eg – kva med eit bilete av den hammaren, hylla eller det punktet? Og så har eg forfulgd den tanken, seier han. 

Blogginnlegg

Har du noko meir som er verdt å nemna på nettsida?

– Tja, eg har no lira av meg noko eg håpar skal vera litt artig å lesa i form av eit par blogginnlegg. Det eg kanskje likar aller best med å gå åleine på tur er å få ro til å fullføra heile tankerekkjer. I dagleglivet blir tankane så fragmenterte, me har tusen ting å forhalda oss ting. Det tikkar greier inn på mobilen ustanseleg, og så vidare. På turane er det berre meg, det eg har på ryggen, gjerne litt tung rock på øyret og desse tankane. Så skriv eg ut nokre av dei på denne bloggen – «Tankar mellom tindane» som eg har kalla det. I sånn tradisjonell sjangerlære er det vel eigentleg kåseri eller essay eller ein stad midt i mellom. Desse handlar ikkje om turane i seg sjølv, men tek gjerne utgangspunkt i ein observasjon på turen som eg spinn vidare på og hamnar ein heilt annan plass. I tillegg kjem eg til å skriva meir standard bloggreier, meir slik om mitt lett fanatiske forhold til yr.no, den heller lite terrengtøffe bilen min som kapitulerte i eit snev av ein motbakke i Leirdalen, og liknande.

Fjellkrim

Samstundes har også Ramshus Sælthun skrive bok. «Fjell- og bygdekrim» som han kallar det. «Jotunheimens løyndommar – Einstøingen» kjem ut på eige forlag, «Seltabok», i haust og han sel den gjennom nettsida.

– Det var vel også ein slik litt vidløftig idé som berre datt ned. Og slike klarar eg ikkje å bli kvitt. Så eg har vel jobba med dette litt i rykk og napp i tre år. No føler eg manuset er modent for å bli bok. Eg går nok over og pussar eit par rundar til, så den kjem til å bli trykt opp i haust. Men ein kan førehandsbestilla den på nettsida, seier han. 

MAGISK LYS: Midtre Høgvagltind innan Leirvassbu baud på prosjektets kanskje finaste augneblink så langt. Mot Søre Sagi og Uranostind.
MAGISK LYS: Midtre Høgvagltind innan Leirvassbu baud på prosjektets kanskje finaste augneblink så langt. Mot Søre Sagi og Uranostind.

Kva kan du seia om handlinga?

– Det er det som er så fint med krim – ein kan ikkje seia all verda, folk må finna ut sjølve. Men kort fortalt går det føre seg hovudsakleg i Lærdal og Hurrungane. Så er me innom både Årdal, Luster og Sogndal også. Det handlar om ein familie i Lærdal som er riven i stykkjer av tragediar. Så er spørsmålet om det er tilfeldig at tragediane rammar akkurat dei, eller om noko eller nokon står bak. Ein snål fyr som bur åleine på ei hytte ved Turtagrø blir sentral i saka. Oppspelet til den siste familietragedien var på Turtagrø, og denne einstøingen er eit potensielt vitne. Men han er ikkje lett å forhalda seg til for politiet, og verkar til å ha ein eigen agenda. Me stoppar der, men ein kan lesa eit par utdrag på nettsida.

Skrivekløa meldte seg

Trur du dette vil slå an?

– Har ikkje peiling, rett og slett. Eg er frykteleg glad i å skriva, og nokre år vekke frå journalistgjerninga gjorde vel at skrivekløa melde seg. Så har eg jobba rimeleg disiplinert, tykkjer eg. Og eg føler eg sit med eit så godt resultat som eg kan få til. Plottet tykkjer eg funkar veldig bra og persongalleriet er temmeleg rikt. Dessutan trur eg det å leggja ein del av handlinga til Hurrungane kan slå an – det er dramatiske kulissar, mange kjenner området godt – også eg sjølv, noko som gjer meg i stand til å skildra det rikt.

Som «heimstadpatriot» har han nytta mange lokale produkt i dei to prosjekta.

– Eg er enormt glad i Lærdal og Sogn. Samstundes er eg litt bekymra for framtida – sognekommunane slit med økonomien og folketalet står om lag stilt. Difor har eg veldig sansen for folk som torer å prøva noko annleis og nytt. Difor kjøpte eg nytt randosutstyr til prosjektet frå SGN skis – det er ein liten gjeng i Sogndal som har utvikla randoski. Så kom eg over ein kar frå Sogndalsdalen som strikka panneband i ull og selde på nett. Ein kunne designa pannebanda sjølv – skikkeleg artig. «Bjoddn» er merket. Så då måtte det bli eit slikt. Så har eg musikk til desse videoane mine – det måtte naturlegvis vera lokalt. Der kjenner eg til eit hardrockeband frå Aurland – Keldian, som har mange rolege, instrumentale parti i låtane sine. Det passa svært så bra. I tillegg gjev eg jo ut denne boka på eit eige forlag tufta på gardsnamnet, då. Og eg har laga turmat til prosjektet basert på sjølvskoten hjort. Så eg har hatt det mykje artig med dette.

Til toppen