OKTOBERFEST: Allereie neste helg går utelivsbransjen i Årdal med Henrik Rønningen (til venstre), Erling Eggum (nummer to frå høgre) og Jan Rasmussen (til høgre) saman for å skapa det dei håpar blir ein oktoberfest på torget i Øvre Årdal. Steinar Drægni og Gamleskulen skal også bidra med auksjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OKTOBERFEST: Allereie neste helg går utelivsbransjen i Årdal med Henrik Rønningen (til venstre), Erling Eggum (nummer to frå høgre) og Jan Rasmussen (til høgre) saman for å skapa det dei håpar blir ein oktoberfest på torget i Øvre Årdal. Steinar Drægni og Gamleskulen skal også bidra med auksjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Samlar seg for å skape ny festival

Dei tre utestadane på torget i Øvre Årdal går saman i håp om å skapa ein ny festival i bygda. 

Årdal: Festivalen, som dei håpar skal vera ein forløpar til ein oktoberfestival neste år, skal testast ut allereie neste helg. 

– På grunn av Målrock har me lege lågt og ville ikkje gå ut med dette før no, seier Henrik Rønningen som representerer Samhold.

Saman med Jan Rasmussen i Tya Bakeri og Bryggeri og Erling Eggum i Klingenberg Hotell og Utla Café og Bar, håpar trioen at dei kan skapa ein ny tradisjon om hausten i Årdal.

Oktoberfest

– Dette er ein forløpar til til ein oktoberfestival. Me hadde haustmyldringa som handelsstanden, organisasjonar og idrettslaget prøvde å dra i gong, men det var det ingen som tok skikkeleg tak i. Eg trur det er større sjansen for å lykkast når bransjen sjølv er inne og lagar festival, held Rønningen fram.

Oktoberfest og haustmyldring har begge delar vore innslag om hausten i Øvre Årdal, men har ikkje vore like levedyktig som til dømes Fjord til Fjell-arrangementet og ikkje minst Målrock. 

– Det har skjedd lite i sentrum i Øvre. Det tykkjer eg er eit poeng. Det er masse butikkar og flott torg, så det skulle berre mangla at ein får ein til noko, og det må vera noko som det er litt tak i, seier Erling Eggum. 

Samarbeidar om festivalen

Ideen om ein slik festival har vore i tankane til fleire av dei tre, og sjølv om dei på mange område konkurrerer, meiner dei det er viktig at ein klarar å samarbeida også.

– Eg meiner at jo betre og variert tilbod det er, jo fleire folk trekk ein ut. Totalt sett vil alle tena på det. Folk vil veksla og få endå fleire folk ut. Framleis er det berre ein liten prosentdel som brukar tilboda dagleg, seier Jan Rasmussen.

Rønningen legg til at dei allereie før dei kom inn på desse tankane hadde snakka saman slik at dei ikkje øydelagde for kvarandre med arrangement som kolliderte.

I år blir det mest truleg opplegg både torsdag, fredag og laurdag heile helga, der høgdepunktet nok er komikar Rune Andersen. At han kjem til Årdal denne helga er litt av årsaka til at det er lagt til akkurat denne helga.

Gamleskulen er med

I tillegg skal det vera musikk, quiz, stadnamnskafé, Årdalstangen Musikklag skal opptre med bidrag frå Øvre Årdal janitsjar, og det blir høve til å smake på Tya-ølet.

Ein annan viktig aktør på torget, Gamleskulen, er også invitert til å bidra. 

– Me vart spørt om å gjera ein jobb, så me skal ha auksjon. Gamleskulen fyller eitt år den 23. august, så dette passa bra. Me er klare. Då skal det samlast inn ein del objekt som skal auksjonerast vekk. Det er mogleg det er snakk om ein bil også, seier Steinar Drægni. 

Telt på torget

Desse dagane skal det setjast opp eit telt på torget. Då står det såpass nært alle tre utestadane slik at ein kan nytta seg av toalettfasilitetane her. Trioen fortel at det meste er i boks, og no håpar dei at folk tek turen ut desse dagane.

– Dette er eit blankt lerret, og me må berre prøva og ta imot alle dei ideane som kjem. Ting skal bli betre og bør bli betre. Det er det alltid rom for, seier Rasmussen før Rønningen legg til.

– Dette er ein testfestival, og me tek gladeleg imot innspel, og kanskje me utvidar han. 

Kva meiner du? Er dette liv laga?

Til toppen