VISTE RESPEKT: Over 200 personar møtte opp på torget på Årdalstangen for å visa minnast ofra etter trippeldrapa på Valdresekspressen. Foto: Eivind M. Øren.
VISTE RESPEKT: Over 200 personar møtte opp på torget på Årdalstangen for å visa minnast ofra etter trippeldrapa på Valdresekspressen. Foto: Eivind M. Øren.

Samlast for å minnast dei omkomne

Det var ei taus forsamling som møtte opp ved minnemarkeringa på Årdalstangen for å minnast ofra etter trippeldrapet på Valdresekspressen i fjor.

Godt over 200 menneske møtte på torget på Årdalstangen tysdag ettermiddag, og fleire tok med lys og blomar som dei sette på tusenårssteinen.

Markeringa starta offisielt klokka 16.25, som er avgangstida til Valdresekspressen fra torget, og markerte slik hendinga nøyaktig eitt år etter at hendelsesforlapet som leia opp til tragedia byrja.

I dag blei derimot avgangstida utsett då bussjåføren saman med ein kolleg, steig av med pasasjerane for å tenne lys til minne for kollegaen dei tapte i fjor. 

Artikkelen held fram under biletet.

VENTA: Valdresekspressen venta med avreisa denne dagen fordi sjåføren og passasjerande tende lyd.
VENTA: Valdresekspressen venta med avreisa denne dagen fordi sjåføren og passasjerande tende lyd.

Det låg ei mektig stillheit over forsamlinga, berre avbroten av fottrinna til dei som gjekk opp for å tenne lys, og lyden av lighterar og fyrstikker då lys vart tende.

Ingen talar vart halde, og ingenting trengte å verte sagt. Når ord ikkje strekk til, er det einaste som står att å kunne samlast i tystnad.

– Det er vår plikt å vise at me bryr oss.

Ei gruppe på om lag 50 asylmottakarar busett i både Øvre og Tangen møtte opp for å delta på markeringa, og fleire av dei tende også lys ved tusenårssteinen for å vise sin respekt.

Mottaksleiar Gunn Lerøy seier til Porten.no at dei gjorde dette på eige initiativ og var glad for at så mange ville delta.

Artikkelen held fram under biletet.

– VÅR PLIKT: Jihad seier det er deira plikt å visa at dei bryr seg.
– VÅR PLIKT: Jihad seier det er deira plikt å visa at dei bryr seg.

– Nokre av dei var her då hendinga fann stad, men dei fleste har høyrt om det i etterkant og vart rysta av historia. Dei har funne seg godt til rette her i Årdal, og ville visa sin respekt ved markeringa i dag.

Blant dei som møtte opp var Jihad, ein bebuar frå Syria, som kom med ein vennegjeng på seks personar. Han såg på det som ein sjølvfølgje at dei skulle delta, og var sjølv blant dei som tok med lys.

- Sjølvsagt stiller me opp, det er vår plikt å vise at me bryr oss. Me kom til Årdal ei tid etter tragedia fann stad, og vart sjokkert då me høyrte om kva som hadde hendt.

– Me likar oss godt her og vil vise at me set pris på bygda og dei som bur her.

Til toppen