Gulen: Fjelltrimgruppa i Dalsøyra idrettslag har starta arbeidet med GEOREG på fjellturar i område.
– Det er ein app som du lastar ned på telefonen, og registrerar fjellturane du går på, seier Therese Kjelby Asheim frå fjelltrimgruppa.

Dei har jobba med å legge inn fleire av turane, men er ikkje heilt i mål enda.
– Me bala litt med det enno. Me har oppfordra folk til å gå i fjellet, finne koordinatane til målet, og ta ein skjermdump som dei sender til oss. Då kan me legge turen inn etter kvart i appen, seier ho.
Ho kunne telje at dei har 38 turpostar i alt. Det inkluderar både toppturar eller lange turar på opptil to timar, til korte turar på 15 minutt. Du kan allereie bruke appen, og dei håpar å komme i mål med alle turane til 1.november.
30 timar på å telje alle poenga
Dei er ikkje dei første i område som har eit slik system.
– Eg høyrde først at Masfjorden hadde eit liknande system, men både Eivindvik og Brekke hadde GEOREG difor valde me akkurat det, seier Kjelby Asheim.
På appen kan du registrere turen når du har nådd målet, og då får du poeng etter kvar tur, og premiering deretter. Slik systemet er per no må dei samle inn bøker som folk har skrive namna sine i, og telje poenga manuelt.

– Det her vert mykje enklare for oss. Eg trur kanskje eg brukte 30 timar til saman i fjor for å telje alt, seier ho og ler.
No blir alle poenga registrert digital og summert etter kvart. Ho trur dette blir godt mottatt og at folk kanskje blir ekstra motivert til å gå ut på tur.
– Eg trur folk skjønnar at det er eit stort arbeid med å sitte å telje alt. Desutan er det jo poeng når ein kjem til enden, og premiar til slutt som kanskje motiverar fleire til å gå, seier ho.
- Les òg: Ein «kafè av og te» i Eivindvik