HENG ETTER: Medan papirutgåva av vitnemålet kjem på nynorsk, har nynorskelevar fått dei elektroniske vitnemåla sine på bokmål i år. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun
HENG ETTER: Medan papirutgåva av vitnemålet kjem på nynorsk, har nynorskelevar fått dei elektroniske vitnemåla sine på bokmål i år. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun

Samordna opptak lovar nynorskbetring

Norsk målungdom jublar over at Samordna opptak lovar elektroniske vitnemål på nynorsk til neste år.

Til no har alle fått det elektroniske vitnemålet sitt på bokmål, sjølv om dei har hatt nynorsk som hovudmål, skriv Framtida. Til neste år blir det endra, etter at Norsk målungdom gav beskjed.

Alle som har fullført vidaregåande skule etter år 2000 har vitnemålet sitt lagra elektronisk i Nasjonal vitnemålsdatabase. Dei elektroniske vitnemåla blir brukt i søknadar til høgare utdanning gjennom Samordna opptak. Tidlegare VGS-elevar som før hadde fått vitnemål på eiga målform på papir reagerte på språket i det elektroniske vitnemålet.

– Ikkje høve før til neste år

– Før søknadsfristane i høgare utdanning fekk me fleire innspel frå medlemmer og andre om at dei elektroniske vitnemåla frå vidaregåande var på bokmål i Samordna opptak sin søknadsportal, skriv Fredrik Hope, nestleiar i Norsk målungdom, i ein e-post til Framtida.

No lovar Felles studieadministrativt senter (Fsat), som driftar Samordna opptak, og Nasjonal vitnemålsdatabase å følgje opp.

Seniorrådgjevar i Fsat, Natasha Harkness seier at dei sjølvsagt skal leggje til rette for at vitnemåla er i samsvar med føresegnene i språklova – men at dei diverre ikkje har høve til å gjere dei nødvendig endringane før til neste år.

Til toppen