ATTRAKSJON: Vettisfossen i Årdal. Illustrasjonsfoto
ATTRAKSJON: Vettisfossen i Årdal. Illustrasjonsfoto (Foto: Arkivfoto)

Samrøystes: Kommunestyret i Årdal ynskjer å bli nasjonalparkkommune

Det er over ti år sidan Årdal søkte om nasjonalparkstatus sist. No har krava endra seg og kommunestyret ynskjer å prøva lukka igjen.

Årdal: – Reiselivet er viktig i merkevaresamanheng. Lokalt reiseliv og næringsliv er nødt til å ta eigarskap til dette for at dette skal bli ein suksess. Det er liksom dei som skal dra nytte av statusen, seier Bjørn Åge Jensen, dagleg leiar i Norges Nasjonalparkkommuner.

Formannskapet i Årdal kommune vedtok i oktober at Årdal skal søkja om å få status som nasjonalparkkommune. Saka vart samrøystes vedteke og var oppe i kommunestyret for endeleg avgjerd i dag. 

– Dette har vorte ei viktig sak for Årdal, og det har vorte ei viktig sak for kommunestyret, seier ordførar Hilmar Høl.

– Me er allereie ein nasjonalparkkommune

Aleksander Øren Heen (Sp) trekker fram mange av fordelane med å få denne statusen.

– Me er allereie ein nasjonalparkkommune, me har mange område som er av ein så høg kvalitet at Staten har funne ut at me må sikre dette. Falketing, som er eit merke som Norrøna bruker, ligg i Årdal. Me har også mange fossar, seier Heen

Han presiserer at det medfører eit ansvar lokalt å ta vare på dette og å bruka det aktivt i besøksnæringa.

– Me må sørga for at dei tilboda som er her, får utvida sesongen sin. Å ha eit bevisst forhold til dette. Det trur eg er rett veg å gå, seier han.

Marie Helene Brandsdal (Ap) hevdar at Ap har hatt ei bevisst satsing på reiselivet dei siste kommunestyreperiodane. Og siktar særleg til at Årdal i 2016 fekk ein eigen reiselivsstrategi.

– Me trur at med status som nasjonalparkkommune, får me styrka både omdømme og merkevara Årdal. Me har mykje grøn industri her i Årdal. Dette vil gje oss den reiselivsstrategien me ynskjer; at me ikkje får store båtcruise og masseturisme, men opplevingsturisme, der me tek vare på verneområda våre og inviterer både dei som bru her, og besøkande, inn, seier Brandsdal.

Fekk nei i 2007

Årdal kommune søkte Miljødirektoratet om å bli nasjonalparkkommune i 2007. Det vart gitt avslag. Grunnen var at kravet var at minst tredve prosent av kommunen sitt areal måtte vera nasjonalpark. I dag er kravet éin prosent. Rådmann Stig Stark-Johansen sa i oktober at tiltaket vil passa det eksisterande reiselivet i Årdal. 

– Det er viktig å peika på at dette kan bygga identitet og omdøme. Det kan retta seg mot turismen som me ønskjer - kvalitativ turisme som legg igjen pengar. Nabokommunar seier dette har vore ein suksess, seier Stark-Johansen.

 

Krava for å vera nasjonalparkstatus

I kommuneplanens arealdel skal det tas hensyn til verneområdene og verneverdiene i områdene. Det må komme fram hvordan kommunen gjør dette ved bruk av arealformål og eventuelle hensynsoner.

Nasjonalparkens plass som attraksjon og satsningsområde skal beskrives i kommuneplanen. Kommuneplanen skal støtte opp om besøksstrategien for nasjonalparken og de øvrige verneområdene i kommunen og slik bidra til en funksjonell overgang mellom verneområdene og områdene innenfor.

Nasjonalparkkommunen skal gjennom et aktivt og kontinuerlig arbeid vurdere behov for endringer og forbedringer som bidrar til merkevarens målsetting om mer besøk, økt verdiskapning og bedre vern. Forslag til forbedringer tas opp under den årlige revisjon av handlingsdelen.

Nasjonalparkkommunene skal gjennomgå status på kriteriene hvert fjerde år i forbindelse med revidering av kommuneplanen. Stausen sendes Miljødirektoratet.

Til toppen