USEMJE: Studentsamskipnadene vart ikkje samde i møte med Kunnskapsdepartementet måndag. No vert saka sendt vidare til politisk handsaming. Foto: Halvor Farsund Sorvik/Sisof.
USEMJE: Studentsamskipnadene vart ikkje samde i møte med Kunnskapsdepartementet måndag. No vert saka sendt vidare til politisk handsaming. Foto: Halvor Farsund Sorvik/Sisof.

Samskipnadens framtid i hendene på politikarane

Studentsamskipnadene vart ikkje samde i møte med Kunnskapsdepartementet måndag. No vert saka sendt vidare til politisk handsaming.

Sogndal: Det fortel Randi Marie Sjøholt, administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (Sisof). 

Ein høgskulefusjon mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen er allereie på plass. Kunnskapsdepartementet ønskjer også at studentsamskipnadene frå dei respektive stadene slår seg saman, men det er enklare sagt enn gjort.

– I utgangspunktet tenkjer eg at samskipnaden driv god studentvelferd og vert ikkje betre ved å fusjonere med Studentsamskipnaden i Bergen, seier Sjøholt. 

Politisk handsaming

Heller ikkje på dagens møte klarte dei tre samskipnadene å bli samde. Difor går saka no til politisk handsaming, men det er ikkje klart når dette skjer. 

Det er organisasjonsmodellen og namnet det først og fremst står på. 

– I og med at samskipnaden i Bergen er så stor, vil me få eitt medlem, kanskje på deling med Stord/Haugesund, i det nye styret på ti personar. Me meiner då at me har ingen påverknad i styresamanheng, og då må me ha sterkare organisering i distrikta og vere organisert i regionar, forklarar Sjøholt.

Studentvelferd

Studentsamskipnaden driv alt frå kantine og bokhandel til barnehage og studenthus, og dei er ein viktig aktør i lokalsamfunnet når det kjem til å skape arrangement og hendingar.

– Me driv velferd på basis av korleis lokalsamfunnet er lagt opp. Bergen by kan tilby kultur, pubar, restaurantar og masse anna som er ein naturleg del av ein stor by. Dette må me skapa, og dette er noko me er med studentorganisasjonane å bygge opp under i fylket, legg ho til. 

Til toppen