TØFF TID: Årdalsfotballen er inne i ei tøff tid, der samtlege herrelag på seniornivå ligg an til å rykka ned i henholdsvis 3., 4. og 5. divisjon. Foto: Stig Laberg Øvstetun.
TØFF TID: Årdalsfotballen er inne i ei tøff tid, der samtlege herrelag på seniornivå ligg an til å rykka ned i henholdsvis 3., 4. og 5. divisjon. Foto: Stig Laberg Øvstetun.

Samtlege herrelag frå Årdal kan rykka ned

Det er ikkje til å leggja skjul på. Tabellen lyg aldri. Denne sesongen står det dårleg til med seniorfotballen i Årdal.

Forutan damelaget til Jotun/ÅTIL, som kom på ein god andreplass bak Sogndal 2 denne sesongen, er tabellane ei trist skue for dei som har hjartet i fotballen i Årdal. 

Verken det nyoppstarta Jotun-laget eller det etablerte Årdal-laget har hevda seg denne sesongen. For å byrja med dei raude og grøne, så har det berre tatt to poeng i år etter ein formidabel opprykkssesong i fjor.

Jotun har 2 kamp igjen å spela i 5. divisjon - mot Bjørn, som dei tapte 2-8 mot på heimebane, og til slutt Askvoll/Holmedal som dei tapte 3-1 mot på bortebane.

Heller ikkje i 4. divisjon klarar kommunen å hevda seg. Andrelaget til Årdal har riktignok seks poeng igjen å kjempa om, men elleve poeng så langt, er oppskrifta på nedrykk og sisteplass.

Heldigvis er det noko positivt, for ein må nesten sjå positivt på at Årdal ligg over nedrykksstreken. Der er det framleis 15 poeng igjen å spela om, og det er ingen grunn til å ta sorgene på forskot. Her treng laget all den støtta dei kan få dei resterande kampane.

Lite fokus på rekrutteringsarbeid

Slik er situasjonen, og den er langt frå lys. Det kan vera ulike årsaker til dette. Porten.no har snakka med leiarane i dei to fotballklubbane om kva som kan vera årsakene til den dårlege trenden.

Sportsleg leiar i Jotun, Arne Håkon Laberg, trur eit for lite fokus på rekrutteringsarbeid gjennom mange år kan ha skulda.

– Me har rett og slett ikkje vore gode nok til å modna spelarane tidlegare, og då tenkjer eg på treningsmengde og kvalitet på feltet, seier han til Porten.no.

– Det andre trur eg rett og slett er ei naturleg samfunnsutvikling i Årdal, der du har færre arbeidsplassar og tilbodet for den aldersgruppa har blitt dårlegare enn det han var. Og så har du ein naturleg årsak i folketalsutviklinga.

Henrik Rønningen er leiar for fotballgruppa i same klubb, og han er einig i observasjonane til Laberg.

– Ein får no svaret for det som har blitt gjort på slutten av 80- og tidleg av 90-talet. Dei er ikkje gode nok. Ein mista stort sett ungdommen her når dei er 19 år gamle, og det vil ein slita med framover òg. Eg trur det blir yngre og yngre lag her i Årdal, fortel han til Porten.no.

Begge understrekar at det ikkje spelar nokon rolle kva divisjon Jotun spelar i. Anten det er snakk om 5. divisjon eller 6. divisjon, så er dette først og fremst eit breiddetilbod, seier dei.

Kvaliten har sunke over tid

I Årdal FK er forventningane ein god del høgare derimot. Der er det Geir Kjetil Øvstetun som sit som leiar i styret, og han også nevner nokre av momenta, som til dømes samfunnsutviklinga.

– Men det kjem litt an på korleis ein ser på det. Viss ein før sesongen hadde sett på kor mange lag Sogn og Fjordane hadde hatt blant anna 3. divisjon, så hadde du ikkje funne så mange, seier han til Porten.no.

Og det stemmer. Berre fem av 14 lag i avdelinga til Årdal kjem frå fylket. Øvstetun er i mellomtida klar på at dette har han vore med på før. 

– I den tida eg har vore med i fotballen har dette skjedd før. Det er ikkje noko uvanleg, men det er klart me skulle håpa at me hadde klart oss i alle divisjonane. Dette seier noko om kvaliteten på fotballen i Årdal. 

– Kvaliteten i fylket har også blitt dårlegare over tid, men då må me gå inn og sjå på dei same trekka i fylket som også har skjedd i Årdal når det gjeld folketalsutvikling og den type ting, seier han. 

For det er ingen tvil om at det ikkje berre er fotballen og idretten generelt som slit. Dette kjem som ein naturleg konsekvens av samfunnsutviklinga med færre arbeidsplassar og skuletilbod som gjer at spesielt unge trekker inn mot byane for å etablera seg.

Må førebu spelarane

Difor blir det utruleg viktig at spelarane er klare for seniornivået når dei fyller 16 år, meiner Laberg.

– Det er alfa og omega fordi den store endringa som har skjedd dei siste 10-15 åra her er at me har kutta juniorserien, så no er ein faktisk seniorspelar det året ein fyller 16 år. Då er ein ganske ung, og det å ta steget frå andredivisjon guttefotball og rett opp i vaksenfotball er eit ganske alvorleg sprang. 

Spelarutvikling og fotballframtida, ikkje berre i Årdal, men i heile landet, er eit brennheitt tema for tida med eit fotballandslag som gjer det elendig på herresida vel og merka.

Utfordringar

Trass i at det ser mørkt ut, er det sett i gang prosessar som skal snu denne negative trenden, men det er ikkje utan utfordringar.

– Eg ser utfordringar me må løysa og ta tak i fordi talet på aldersbestemt kjem til å variera, og det kjem til å variera voldsomt. Me har utfordringar med at folk reiser ut på skule, og me har ein jobbmarknad som ikkje er så lystig, seier Øvstetun.

– Og så kan onklane, tantene, venene mine og alle andre sitja på benkane her og der og diskutera kva dei, men dei må også gjera såpass mykje arbeid at dei ser kva som ligg i botn for ein del ting, og det er eg ikkje sikker på at gjer heile tida.

Til toppen