Indre Sogn: – Det er berre sol og høge temperaturar i sikte. Det kan absolutt hende enkelte rekordar blir brotne no, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved ved Meteorologisk institutt.
Ho seier varmen me no opplever skuldast eit høgtrykk utanfor Sør-Norge, som igjen avløyste eit tidlegare høgtrykk. Dette har gitt ein blokkerande effekt.
– Til forandring har me hatt høgtrykk liggande i kø. Det gjer at lågtrykka tek ei nordlegare bane, slik at det blir Nord-Norge som får nedbøren. Me har rett og slett vore veldig heldige med plasseringa av høgtrykka over lang tid, seier Skålevik Valved.

Tretti pluss i Årdal
Ser me på dei historiske temperaturane skjønar me kor sjeldan vêrfenomenet ho snakkar om er.
Den høgaste temperaturen som nokon gong er målt i Indre Sogn i mai er 27,3 grader. Den vart gjort på Moldo i Lærdal 31. mai 2008. Rekorden ser ut til å ryka med god margin neste veke.
I Øvre Årdal ser temperaturane ut til å passera 30 på gradestokken, men der er det diverre ingen målestasjon. Næraste er på Filefjell, 20 kilometer unna.
Dei målestasjonane som derimot finst i Indre Sogn ligg samtlege i rute til å slå sine historiske mai-rekordar.
Berre sjå her.
Rekordar for fall i Indre Sogn
- Rekorden i Lærdal er på 27,3 grader, målt på Moldo 31. mai 2008. Søndag er det venta opp mot 29 grader.
- Rekorden i Luster er på 27 grader, målt i Fortun 28. mai 1988. Tysdag neste veke er det venta opp mot 29 grader.
- Rekorden i Sogndal er 26,8 grader, målt i Fjærland 19. mai 2013. Søndag er det venta opp mot 28 grader.
- Rekorden i Leikanger kommune er 25,4 grader, målt på Leikanger 29. mai i 1988. Søndag er det venta opp mot 29 grader.
- Rekorden i Vik kommune er 24,7 grader, på Vangsnes 19. mai 2013. Søndag er det venta opp mot 28 grader.
I Aurland og Balestrand har det ikkje vore målestasjonar lenge nok til at Meteorologisk institutt vil snakka om rekordar. Likevel verkar det ikkje urimeleg å snakka om «rekordvarme» desse plassane heller:
I Aurland er det venta opp mot 28 grader frå søndag, i Balestrand opp mot 27 grader.
Men Årdal stikk altså av med gullmedaljen. Blir det 30 grader er dette i så tilfelle 2,7 grader varmare enn gjeldande rekord i Sogn.