GODT SAMVIRKE: Hovudkonklusjonen frå evalueringsmøtet er at samvirket mellom naudetatane fungerte godt under brannen i Fjærlandstunnelen. Samvirkeøvingar og naudnett vart trekt fram som viktige for den gode samordninga. Foto: Jo Marius Bøyum.
GODT SAMVIRKE: Hovudkonklusjonen frå evalueringsmøtet er at samvirket mellom naudetatane fungerte godt under brannen i Fjærlandstunnelen. Samvirkeøvingar og naudnett vart trekt fram som viktige for den gode samordninga. Foto: Jo Marius Bøyum.

– Samvirket mellom etatane fungerte bra under brannen i Fjærlandstunnelen

Det er hovudkonklusjonen til fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Fjærland: Nyleg møttest fleire aktørar som deltok under hendinga då det byrja å brenne i ein feiebil i Fjærlandstunnelen i april.

Hovudkonklusjonen frå møtet er at samvirket mellom naudetatane fungerte godt under innsatsen. Samvirkeøvingar og naudnett vart trekt fram som viktige for den gode samordninga.

– Tilbakemeldingane aktørane gav i møtet, og som dei har gitt tidlegare, var at samvirket fungerte bra mellom dei ulike einingane. Det deltok to brannvesen frå kvar si side av tunnelen, og dei greidde å etablere samband mellom seg, og det vart etablert kommunikasjon mot dei andre etatane. Alle gir uttrykk for at den delen fungerte bra, seier Stensvand til Porten.no.

På møtet deltok representantar frå Vest politidistrikt, Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Helse Førde, Statens vegvesen, Jølster brannvesen, Jølster kommune, Sogn brann og redning IKS, DSB og Fylkesmannen.

– Viser kor viktig naudnettet er

Naudnettet vart trekt fram som eit positivt bidrag til samvirke. Med ei felles talegruppe bidrog det til ein god informasjonsflyt på skadestaden, fortel Stensvand. 

At Sogn brann og redning hadde høve til å setje igjen ein bil med gateway i tunnelen, og på den måten sikre samband inn til skadestaden, vart òg trekt fram som ei viktig årsak til den vellykka innsatsen i tunnelen.

– Med naudnett kan etatane snakka saman over lengre avstandar og med god dekning. Det er utruleg viktig for eit godt samarbeid. Denne hendinga stadfestar at naudnett er eit veldig vesentleg verktøy i redningsaksjonar, spesielt når det gjeld samvirke internt i organisasjonen, seier han.

Fleire oppfølgjingspunkt

Det vart også peika på at varslingsfasen var krevjande. Dette skuldast mellom anna at det berre var éin innringar som ikkje visste kvar han var. Når situasjonen var såpass uoversiktleg, vart det ei utfordring å vite kor mykje ressursar som krevdest.

Det er også fleire punkt som skal følgjast opp, der det viktigaste punktet kanskje er ei revidering av beredskapsplanen for Fjærlandstunnelen, spesielt når det kjem til ventilasjonsretning og at det ikkje er mogleg å snu retninga i tunnelen.

– Dette er noko brannvesenet og andre har diskutert mykje i etterkant. Det er heilt naudsynt at desse diskusjonane held fram og at ein får ein plan for korleis ventilasjonen skal fungere. I Fjærlandstunnelen er det slik at ein ikkje får styrt røyken, at det er naturen som bestemmer. Samstundes veit ein frå tidlegare tunnelbrannar at risikopotensialet kan bli betydeleg redusert dersom ein kan snu retninga under ein brann.

Til toppen