Indre Sogn: Sandberg som også er leiar av programkomiteen i partiet, er ifølgje Klassekampen einig med fleirtalet i landsstyret, som ønsker at landsmøtet på Gardermoen i helga skal vedta denne formuleringa om stridstemaet:
«Stortinget må i perioden vedta ein moderne og hensiktsmessig kommunestruktur som varetar god tenesteyting og effektiv bruk av ressursane». Eit mindretal i landsstyret ønskjer at setninga skal erstattast med: «Kommunesamanslåing skal skje frivillig».
I 2003–2004 sat Sandberg i Distriktskommisjonen som gjekk gjennom heilskapen i norsk distriktspolitikk. Den gong landa dei på at 160 kommunar var ideelt, noko Sandberg meiner er like aktuelt i dag.
– Då vi sat i Distriktskommisjonen, fann ein fram til undersøkingar som viste felles bu-, arbeids- og serviceområde, og då hamna vi på 160. Det er det naturlege å sjå på, seier han.
Sjølv om kommunereforma har skapt mykje bråk, trur han ikkje på rolegare tider dersom Stortinget gir frå seg makta over kommunestrukturen.
– Eg trur det vil vere frigjerande og mindre konfliktskapande at vi fører den primærlinja vi har i partiprogrammet vårt: Stortinget tar desse avgjerdene. Så er vi ferdig med denne typen seigpining, for krava til lokalpolitikarane og kommunane vil ikkje bli mindre i framtida.
(©NPK)