LETTARE: Nestleiar i Framstegspartiet, Per Sandberg, meiner den låge valdeltakinga ved folkeavstemmingane i kommunane gir Stortinget større handlingsrom til tvangssamanslåing.​ Foto: Flickr/Framstegspartiet.

Sandberg meiner låg deltaking gjer samanslåing lettare

Nestleiar i Framstegspartiet, Per Sandberg, meiner den låge valdeltakinga ved folkeavstemmingane i kommunane gir Stortinget større handlingsrom til tvangssamanslåing.

Indre Sogn: – Eg er meir positiv no enn det eg var for eit år sidan, fordi prosessen har vore så god. Vi har fått ein prosess som synleggjer at dette ikkje er noko folk er opptatt av, seier Sandberg til Dagbladet.

Valoppslutninga har variert frå under 20 prosent til opp mot 75 prosent av dei som har stemmerett i dei avstemmingane som er gjennomført.

– Når folkeavstemmingar ender opp med valdeltaking på 18 prosent, viser det at veldig mange ikkje er engasjert i dette og at dei har eit avslappa forhold til si kommune. Eg trur ønsket der ute er at staten skal ordne opp i dette, seier han til avisa.

KrF og Venstre opnar for tvang, men førebels berre i nokre unntakstilfelle. (©NPK)

Til toppen