Sogndal-Sandefjord: 3-2
Den tidlegare englandsproffen hadde vanskeleg for å svelge alle avgjerslene i den høgdramatiske bataljen. Sandefjord styrte førsteomgang, men datt fullstendig saman då dei vart redusert til ti mann rett før pause.
Sjå høgdepunkta frå kampen i videovindauget øvst i artikkelen.
– Vi kjem til å levere protest på det raude kortet, så får vi sjå, seier Bohinen, som var like oppgitt over dei seks minutta dommaren la til på slutten.
Les også: Sogndal sikra sigeren seks minutt på overtid

Skuldar like mykje på laget
– Det er eg ikkje komfortabel med i det heile tatt. Fire minutt vart lagt til opprinneleg, så finn han halvanna minutt til i overtida. Det kan han argumentere for viss han vil, men eg er ikkje einig i det.

Sjølv om Bohinen openbert var frustrert over mannen med fløyta, ville han ikkje frita laget sin eigen innsats for skulden i tapet.
– Vi gjorde våre feil som førte til måla, så får dommarane stå for sin eigen prestasjon, seier han.
Målscorar Martin Ramsland har ikkje uventa ei heilt oppfatning av situasjonen.
– Eg prøver å nå ballen og flikke han forbi keeper, men så opplever eg at eg blir dratt i bakken. Forsvararen prøver ikkje å ta ball, men riv meg ned. Når du først bles straffe, så må du gje raudt. Det var dommaren einig i, seier han.
Sogndaltrenar Eirik Bakke vert ikkje spesielt uroa når han får høyre om protestplanane:

– Rett å legge til såpass mykje
– Protestere får dei berre gjera, me vinn kampen uansett. Kven dei får tilgjengeleg i neste runde eller ikkje betyr ikkje så mykje for meg, seier han.

Når det gjeld dei seks tillagte minutta vel heller Bakke å rose dommaren for motet det krevde.
– Dei låg nede heile tida og brukte fleire minutt på å tøyge krampar. Eg hadde sikkert ikkje vore nøgd eg heller om eg hadde vore i skoa til Lars Bohinen, men så mykje som dei dreg ut tida i andre var det rett å legga til såpass mykje, seier Bakke.
Dommar Trygve Kjensli valde å ikkje snakke med pressa etter kampen.