Arne Sanden og kona Iren Lysne bad i juli Fylkesmannen om å gjera ei ny vurdering av frådelingssaka deira. Denne veka kom svaret frå Fylkesmannen, som meiner det ikkje er grunnlag for anna resultat i saka.
Arne Sanden og kona Iren Lysne bad i juli Fylkesmannen om å gjera ei ny vurdering av frådelingssaka deira. Denne veka kom svaret frå Fylkesmannen, som meiner det ikkje er grunnlag for anna resultat i saka. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun/Arkiv)

Sanden klagar frådelingssaka inn til Sivilombodsmannen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane står på sitt.

Lærdal: Arne Sanden og kona Iren Lysne bad i juli Fylkesmannen om å gjera ei ny vurdering av frådelingssaka deira. Denne veka kom svaret frå Fylkesmannen, som meiner det ikkje er grunnlag for anna resultat i saka.

– Me har særskilt vurdert påstanden om usakleg forskjellsbehandling, men ikkje funne ein konsekvent praksis som gir grunn til å stille nærare spørsmål til kommunen. Fylkesmannen tek difor ikkje kravet til følgje, og me står ved vedtaket av 29. juni 2017, er det korte svaret.

Det er ikkje klagerett på denne avgjerda, og difor Sanden sende saka til Sivilombodsmannen, som kan be Fylkesmannen om å gjera ei ny vurdering. Det er nettopp det han no har tenkt til å gjere, fortel han til Porten.no. Han viser til ein uttale som Sivilombodsmannen har gjort tidlegare, der han seier at usakleg forskjellshandsaming kan føre til at eit vedtak vert sett på som ugyldig.

– Kva er den saklege grunnen til at vår sak får eit anna utfall enn saka på Eri og i Erdal? spør han.

Vil frådele tomta til dottera

Som Porten.no tidlegare har omtalt ønskjer Sanden og Lysne å frådele ein om lag to dekar stor parsell til dottera og familien hennar, som har planar om å byggja eit bustadhus på tomta.

I januar vart søknaden avslått, mellom anna fordi kommunen meiner arealet har dyrkingspotensiale og at det vil vere dårleg areal- og ressursdisponering å nytte det til tomtegrunn.

Ekteparet Lysne Sanden meiner på si side at arealet det er snakk om ikkje er dyrkbart, noko også statens kartsystem syner. 

Administrasjonen kan gi løyve

Dei to viser til kommunedelplanen for landbruk og kulturminne. Her står det i punkt 4.3.3 at administrasjonen kan gi løyve til deling av jordbruksareal inntil to dekar, som er storleiken på området ekteparet ønskjer å frådele.

– Korleis samsvarar denne delen av planen med tolkingane som landbrukssjefen og rådmannen, samt ein KS-advokat, gav av delegasjonsreglementet i juni månad? spør han vidare.

Til toppen