Luster: Sangaren Einar Bolstad fekk torsdag Luster kommune sin kulturpris for 2018. Bolstad har vore elev i kulturskulen sidan han var 11 år. Dei siste åra har han han imponert mange med si djupe og klare røyst.

I 2015 vart Bolstad ein viral hit då han sang Sogn og Fjordane-songen saman med resten av koret under kabareten «Rundballeri hurra!» i Vik. Videoen av framføringa har blitt sett fleire hundre tusen gongar.
Denne jula er han igjen aktuell som ein av tre faste vokalistar i konsertserien Julesong som turnerar i heile Sogn. I 2018 har han òg vore plateaktuell saman med gruppa «Folk Flest».
Foran politikarane i kommunestyret fekk Bolstad eit utdelt eit diplom, og ein gåvesjekk på 15.000 kroner.