Sankar underskrifter for å få vatn i bassenget att

Sankar underskrifter for å få vatn i bassenget att

Bodil Selland Nordnes og Reidun Fodnes har starta ein underskriftskampanje for å få vatn i friluftsbassenget på Årdalstangen.

– Me skal prøva å få opna bassenget fordi me synest det er altfor mange ungar som blir gåande heile sommaren utan eit tilbod. Om ikkje dei badar, er dette ein samlingsplass. Det er trygge omgjevnader i staden for at dei badar på Loi eller i sjøen i Seimsdalen. Med det flotte bassenganlegget, trur eg at dersom kommunen hadde hatt vilje, hadde dei funne plass til 500 000 kroner, seier Nordnes.

500 000 kroner, eller meir bestemt 550 000 kroner, er pengane som må til for at friluftsbadet på Årdalstangen skal kunna fyllast med vatn att. Den summen kom fram då formannskapet diskuterte opningstidene i friluftsbassenget i Øvre Årdal nylig. 

LES OGSÅ: Vil utvida opningstida i friluftsbassenget

Vil ikkje vera ein forlatt spøkelsesby

I tre år har bassenget på Årdalstangen vore mellombels stengt som eit innsparingstiltak i Robek-situasjonen kommunen finn seg i. No har Nordnes og Fodnes sett seg lei på det tomme bassenget og har starta underskriftskampanje for å få det opna att. Planen er å levere underskriftene i kommunestyremøtet 28. mai.

– Me veit om mange på vår alder som har flytta ut og kjem heim, og då har foreldra hatt ein plass å gå til med ungane. Me har ikkje eit tilbod til turistane generelt. Me har kafeen, og så kan dei handla på sportsbutikken og Årdal Rør og Sanitær, og så har me to matbutikkar. Me har ingenting å skilta med. Me kan ikkje vera ein forlatt spøkelsesby, held Nordnes fram.

LES OGSÅ: Uroa over utviklinga i sentrum på Årdalstangen

Dei to forklarar at det første året forstod folk at bassenget måtte mellobels stengast, men etter kvart har ønsket om å fylla det med vatnet att om sommaren blitt sterkare, spesielt sidan kommunen pussa opp friluftsbadet for 5,5 millionar for berre ti år sidan.

To av alt?

– Det blir stadig vekk snakka om at ein ikkje kan ha to av alt. Kvifor skal ein ha to friluftsbasseng?

– For det første er det fordi det står der, og så har du dette med at dei fiksa det opp for 5,5 millionar i 2005, seier Fodnes.

LES OGSÅ: Mogleg å få drift att i bassenget i sommar

– Dei kan ikkje berre laga ting, rennovera det og ikkje halde det vedlike. Me kan ha to av alt viss ein vedlikeheld det dei har bygd og tek vare på det, supplerer Nordnes.

Brukarane

Eit anna viktig moment dei dreg fram er brukarane. Det er ikkje berre-berre å sende ungane sine på bussen til Øvre Årdal, iallfall ikkje når bussane ikkje er tilpassa opningstidene.

– Me kunne ha sendt ungane våre, som er konfirmantar, til Øvre, men ein småbarnsfamilie kan ikkje gjera det. Ein 8-åring kan kanskje reisa ned i bassenget på Tangen, men du sender han kanskje ikkje åleine til Øvre. Då går du med ein angst. 

– Eg òg skjønnar at me har vore nokre luksesdyr som har hatt to av alt. Det veit me, men akkurat ungane våre… Eg veit ikkje kva eg skal seia. Du kan forsvara det og ikkje forsvara det på ein måte. Det blir litt dobbeltmoral oppi alt, seier Nordnes, som også påpeikar at bussbillettar i lengden vil bli ein dyr affære.

Fryktar det er stengt for godt

Dei to stiller også spørsmål ved kor politikarane vil henta pengar neste år dersom det ikkje går i år. Ho og Fodnes fryktar at dersom bassenget står tomt for lenge, vil det aldri bli opna att.

– Det er sørgjeleg korleis det står no, for det står til nedfalls. Det er ikkje noko fint syn å sjå bassenget slik. Eg trur at jo lenger det står, jo meir kostnader blir det å få det i gong att, seier Fodnes.

– Det som er så trist er at dei har bygd oss frå gard og grunn. Det er for seint å snu, seier Nordnes.

Feilprioritering

Nordnes og Fodnes meiner politikarane har prioritert feil dei siste åra og brukt altfor mykje pengar. 

– Då er det nokon det må gå ut over, og no er det diverre ungane. Det er pengebruken over tid. Eg trur dei kjem til å merka det knallhardt no, dei som sit i leiinga, at det blir konkurranse frå dei andre partia, seier Nordnes og understrekar at dette ikkje skal vera ein Øvre-Tangen-debatt. 

– Eg synest det er flott at dei har fått to timar lengre opningstid i Øvre fordi det trenger ungane i Øvre og Årdal, og turistane også. Dette er ikkje nokon Øvre-Tangen-debatt. Det er viktig. Det er vår bygd, og det er jammen på tide at ein klarar å sjå Årdal under eitt.

Til toppen