AVVISER: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) reagerer på det han meiner er feilinformasjon i oppropet frå fleire av ordførarane i landet. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 
AVVISER: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) reagerer på det han meiner er feilinformasjon i oppropet frå fleire av ordførarane i landet. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Sanner avviser at inntektssystemet ikkje er greidd ut

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) avviser påstandar om at endringane i inntektssystemet for norske kommunar ikkje er skikkeleg greidd ut.

Årdal/Lærdal: 260 av dei 428 ordførarane i landet har skrive under eit opprop mot eit forslag til nytt inntektssystem for kommunane som er ute på høyring no.

Sanner reagerer på det han meiner er feilinformasjon i oppropet. I teksten blir det hevda det at forslaga til endringar ikkje «byggjer på utgreiingar frå offentlege utval som er breitt samansette og med medlemmer frå kompetente fagmiljø.»

– Det er definitivt feil. Eit strukturkriterium blei greidd ut både på 90-talet og av Borge-utvalet i 2005. Så har vi supplert dette med nye oppdateringar og utrekningar. Det har lenge vore peikt på at basistilskotet, som blir gjeve som ein lik sum til alle kommunar uavhengig av innbyggjartal, bør differensierast, seier Sanner til Kommunal Rapport.

Seks av ti norske ordførarar skuldar også kommunal- og moderniseringsministeren for å tvinga norske kommunar til å slå seg saman fordi det er økonomisk lønsamt.

– Eg vil seia det er tvert imot. Det er det noverande inntektssystemet som frys fast ein forelda kommunestruktur, fordi det i realiteten straffar kommunar som vil byggja større og sterkare velferdskommunar. Når det er brei politisk semje om at kommunestrukturen bør endrast, må også eit slikt inntektssystem endrast, seier Sanner. (©NPK)

Til toppen