BEKYMRA: Talet på område med for få yrkesaktive per pensjonist vil auke i rekordfart dei neste 15 åra. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) kallar utviklinga skremmande.​ Foto: Stortinget.
BEKYMRA: Talet på område med for få yrkesaktive per pensjonist vil auke i rekordfart dei neste 15 åra. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) kallar utviklinga skremmande.​ Foto: Stortinget.

Sanner bekymra for eldrebølgja i distrikta

Talet på område med for få yrkesaktive per pensjonist vil auke i rekordfart dei neste 15 åra. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) kallar utviklinga skremmande.

Kommunalministeren skal i februar legge fram stortingsmeldinga om berekraftige byar og distrikt. Her går fram det kor raskt utviklinga går, skriv Nationen.

I 2016 var det berre 18 av dei 160 områda departementet opererer med som hamna i såkalla raud kategori, som betyr at det er under 2,5 personar mellom 20 og 66 år per person over 67 år. I 2030 kjem det til å vere fem gonger så mange slike område i raud kategori. Det betyr at over halve Noreg vil ha færre enn 2,5 yrkesaktive som skal vege opp for kvar pensjonist.

– Det er eit kart som bør få varsellampene til å blinke hos alle som er opptatt av levande lokalsamfunn og sterke distrikt. Det kartet varslar er at særleg distriktskommunane vil oppleve stadig fleire av dei eldste eldre, og stadig færre i yrkesaktiv alder, seier Sanner.

Kartet viser vidare at berre storbyane Oslo og Stavanger/Sandnes i 2030 har meir enn fire yrkesaktive per pensjonist. Dei små kommunane Leka, Bindal og Loppa kjem verst ut, med berre 1,4 yrkesaktive per pensjonist i 2030.

(©NPK)

Til toppen