KRITIKK: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) får kritikk frå Senterpartiet, som meiner han har ein uansvarleg plan for kommunesamanslåing. Foto: Privat.
KRITIKK: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) får kritikk frå Senterpartiet, som meiner han har ein uansvarleg plan for kommunesamanslåing. Foto: Privat. (Foto: Privat)

Sanner får Sp-kritikk for uansvarleg plan for kommunesamanslåing

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har bedt kommunar som skal slåast saman, om å ha alt avklart før 25. august. Uansvarleg, meiner Senterpartiet. 

Sogndal: Stortinget har vedtatt å slå saman 111 kommunar til 43 nye. Sanner har bedt kommunane avklare namneval, talet på representantar i kommunestyret, samansetting og arbeidsfordeling i samanslåingsprosessen. I ein merknad går fram det at «semje om funksjonsfordeling og andre ting som skal vere avklart mellom kommunane, bør vere endeleg avgjort og avklart før 25. august», skriv Klassekampen.

USERIØST: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner fristen er useriøs.
USERIØST: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner fristen er useriøs.

– Det er heilt useriøst, og ein får ikkje reelle debattar når ein hastar behandlinga gjennom sommaren. Då blir det berre ein skinnprosess, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han meiner regjeringa tvingar samanslåingane gjennom før valet til hausten, sjølv om kommunane i praksis ikkje blir slått saman før i 2020. Vedum spår dårlege og dyre løysingar.

Sanner avviser at hensikta var å bli ferdige med avgjerdene før valet.

– Det viktige er at kommunar som er vedtatt samanslått, kjem raskt i gang med det formelle samarbeidet og diskuterer viktige element når ein ny kommune skal byggjast.

– Eg trur det er fint å få på plass avklaringar, slik at det blir mindre utryggleik for både tilsette og innbyggjarar, seier han.

(©NPK)

Til toppen