LOVAR INGENTING: Kommunalminister Jan Tore Sanner seier Vestlandsregionen berre vil få nye oppgåver viss det løner seg. Foto: arkiv.
LOVAR INGENTING: Kommunalminister Jan Tore Sanner seier Vestlandsregionen berre vil få nye oppgåver viss det løner seg. Foto: arkiv.

Sanner kan ikkje love nye oppgåver til Vestlandsregionen

– Vi flyttar ikkje oppgåver for at forvaltningsnivået skal få meir å gjere, sa kommunalministeren på eit møte om Vestlandsregionen. 

(NPK): Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fekk spørsmål om kva oppgåver ein vestlandsregion kan vente seg i framtida, då han møtte dei leiande aktørane i Vestlandsregionen på nyttårsmøtet til fylkesordføraren i Hordaland onsdag, fortel NRK.

– Vi flyttar ikkje oppgåver for at forvaltningsnivået skal få meir å gjere. Vi flyttar dei viss vi kan løyse dei betre for næringslivet og for innbyggjarane, sa kommunalministeren under møtet på Vestlandet.

Til toppen