Sogn: Fristen for frivillig samanslåing går ut 1. juli, og kommunar som ikkje slår seg saman får ikkje del i økonomiske fordeler. Statsråden seier til Dagens Næringsliv at kommunar som treng meir tid på å komme fram til ei frivillig løysing kan få det av fylkesmannen.
– Eg vil ikkje kalle det «utsetting». Men i samråd med fylkesmannen finst det moglegheit for ei endring for når kommunen endeleg må melde inn si avgjerd, seier han.
Måndag er det folkerøysting i Sogn, der to alternativ er på bordet. Dei einaste kommunane som ikkje skal ta stilling til ein intensjonsavtale i dag er Årdal, Lærdal og Luster.
Dei to alternativa som ligg på bordet er Sogndal, Leikanger, Vik og Balestrand, samt Aurland, Voss og Vik. I det første alternativet kan dei også røyste på storkommuneforslaget som inkluderer Årdal og Lærdal, sjølv om intensjonsavtalen som nesten var i hamn stranda på siste møtet i vinter.
Før pinsehelga møtte fylkesmannen med Årdal og Lærdal, der instansen oppmoda kommunane om å gjennomføre ei innbyggjargransking, men det er ikkje tatt ei avgjerd på dette enno.
- Les også: Ufrivillig ute av kommunekabalen
Om kommunane ber om ei utsetjing er også uvisst. I Re kommune i Vestfold gjorde dei dette, og fekk lov til det.
– Det er fordi dei har starta ei forhandling om ei ny løysing, forklarar Sanner.
Men ordførarane må ikkje troppe opp på kontoret til Sanner for å få unntak.
– Eg kan ikkje seie ja og nei i enkeltsaker, men eg sa til Lae at han kunne finne ei løysing. Poenget er at fylkesmannen har frist til 1. oktober, så fylkesmannen kan bidra til ei løysing. I heilt spesielle situasjonar er det «common sense» å gjere dette, seier Sanner. (©NPK/Porten.no)