RIKTIG VEG: Sju av ti seier nei til samanslåing etter at halvparten av kommunane i landet har konkludert. Trass massiv motstand meiner kommunalminister Jan Tore Sanner (H) at det går over all forventning. Foto: Flickr/Stortinget.
RIKTIG VEG: Sju av ti seier nei til samanslåing etter at halvparten av kommunane i landet har konkludert. Trass massiv motstand meiner kommunalminister Jan Tore Sanner (H) at det går over all forventning. Foto: Flickr/Stortinget.

Sanner: – Ser at det går riktig veg

Sju av ti seier nei til samanslåing etter at halvparten av kommunane i landet har konkludert. Trass massiv motstand meiner kommunalminister Jan Tore Sanner (H) at det går over all forventning.

Indre Sogn: Etter at over halvparten av kommunestyra i Noreg har tatt stilling til om dei ønskjer å slå seg saman med naboen, viser fasiten så langt at det er stor overvekt på neisida. Det blir knapt nok nokon store regionskommunar, som regjeringa har vore opptatt av.

Men kommunalminister Jan Tore Sanner meiner likevel regjeringa har komme lenger enn det dei fleste trudde var mogleg.

– Eg ser at det går i riktig retning. Vi har fått til meir på to år enn på dei førre 20, seier kommunalminister Jan Tore Sanner til NRK.

Gjennom heile våren har regjeringspartia blitt konfronterte med nei-fleirtal i rådgivande folkeavstemmingar. Svaret har vore vent og sjå, det er lokalpolitikarane som avgjer.

No har godt over halvparten av kommunane konkludert. NRKs gjennomgang av dei 219 kommunane som hadde fatta vedtak per 19. juni viser at 157 kommunestyre har gjort vedtak på å stå aleine. 62 har vedtatt samanslåing. (©NPK)

Til toppen