Indre Sogn: Ein analyse frå Menon Economics, gjort for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, viser at samfunnet kan spare 650 millionar kroner over 20 år, dersom monopolet kommunane har på oppmåling av eigedom blir lagt ut på anbod, melder E24.
Sanner opplyser at regjeringa snart legg fram forslag til ei ny lov med moglegheit for konkurranse frå private aktørar om dette. Blant argumenta for å oppheve monopolet er at oppmålinga i dag tar lang tid og forseinkar bustadbygging. I tillegg meiner statsråden at mange kommunar tar seg for godt betalt.
– Det er store prisforskjellar. I store tomtesaker kan gebyra for målinga bli 100.000 kroner, seier han.
Med private aktørar på bana trur Sanner prisane vil gå ned og effektiviteten opp. Forslaget inkluderer ei ny autorisasjonsordning for landmålarar, med utdanningskrav på bachelornivå og praksisperiode på minst to år, og deretter krav til etterutdanning kvart år for å behalde autorisasjonen.
(©NPK)