SATSINGSLAG: 29.august skal årdalsjenta Sara Eirin Hollevik Brandsdal spele om å verte blant topp 20 i Hordaland og Sogn og Fjordane. Foto: privat
SATSINGSLAG: 29.august skal årdalsjenta Sara Eirin Hollevik Brandsdal spele om å verte blant topp 20 i Hordaland og Sogn og Fjordane. Foto: privat

Sara kan bli blant topp 20 i Hordaland og Sogn og Fjordane

29. august skal handballtalentet Sara Eirin Hollevik Brandsdal frå Øvre Årdal på uttakssamling til det prestisjetunge laget Spisset Gruppe Jenter 2001.

Årdal: 14 år gamle Sara Eirin Hollevik Brandsdal er den einaste årdølen som er teke ut til kartleggingssamling for Spisset gruppe Jenter 2001.

Dette går fram av Noregs Handballforbund, Region Vest,  si innklalling som vart sendt ut fredag ettermiddag.

– Eg tykkjer det er veldig kjekt, men også litt skummelt! Eg fekk vite det seint i gårkveld, og no er eg veldig spent og grugledar med litt, fortel den unge årdalsjenta.

 

Sara Eirin Hollevik Brandsdal

 

Spisset gruppe
Uttaks-/kartleggingssamlinga for Spisset gruppe Jenter 2001 som Brandsdal no er tatt ut til er ei samling der det endelege uttaket til laget Spisset Gruppe j01 vert gjort.

Spisset Gruppe er eit satsingslag  der dei 20 beste handballspelarane frå Hordaland og Sogn og Fjordane får møte andre på same nivå og drive med spesifikke treningar og fysisk prestasjonsfremjande trening.

Frode Tertnes frå Noregs Handballforbund, Region Vest fortel til porten.no at det er dei mest talentfulle spelarane som er teke ut til denne uttaks-/kartleggingssamlinga, og han vonar at dei vil stå att med dei 20 beste handballspelarane i Hordaland og Sogn og Fjordane når uttaket er gjort.

– Vikitg å bli sett tidleg
Laget Spisset Gruppe vil få nær oppfølging frå både trenarar og anna støtteapparat, og dei som vert tatt ut har gode føresetnadar for å verte tatt ut til satsingsgruppe også neste år.  Tertnes meiner at satsingsgrupper som dette er viktig, både for utvikling og motivasjon.

– Satsingrupper som dette er vikitg både for Handballforbundet og spelarane. Det er viktig at spelarane vert sett tidleg og tatt vare på sånn at me saman kan skape gode miljø og gode prestasjonar.

Uttaket til Spisset Gruppe vert ikkje berre basert på prestasjonane frå uttaks-/kartleggingssamlinga i Sogn og Fjordane og Hordaland.  Handballforbundet har tidlegare hatt speidarar kringom i fylka for å observere både kampar og treningar.

Både spanande og skummelt
Det er altså ikkje meir enn 11 dagar til den unge årdalsjenta skal i elden og finne ut om ho er blant topp 20 i Hordaland og Sogn og Fjordane. At ho er den einaste årdølen som er tatt ut, er ho ikkje så bekymra over.

– Det trur eg skal gå fint! Eg kjenner nokre av dei andre spelarane frå før av, og eg får sikkert god kontakt med fleire under samlinga. Likevel er det litt skummelt, men mest av alt gledar eg meg.

Porten.no gratulerer Sara Eirin Hollevik Brandsdal med uttaket og ynskjer ho lukke til 29.august.
 

Til toppen