Sogndal: – Eg veit ikkje heilt kvifor jenter ikkje er meir engasjerte i luftsport. Ein treng mykje tolmod og finkjensle for å drive med dette, so det burde eigentleg passa ypperleg, seier Sarah Wisniewski.

Sarah ynskjer ein oppsving for jenter i luftsporten
På ein godvêrsdag er det ikkje uvanleg å sjå nokre fargerike vengjer hengje over bygdene i Sogn. Diverre er få av desse vengjene styrt av jenter.