BÅT PÅ GRUNN: Ulykka skal ha skjedd utanfor Byrknesøy i Gulen
BÅT PÅ GRUNN: Ulykka skal ha skjedd utanfor Byrknesøy i Gulen (Foto: Datawrapper)

Sjark på grunn utanfor Byrknesøy

To personar om bord. Hovudredningssentralen sender ut redningsskøyte.

To personar var om bord då ein sjark grunnstøytte på Brosmoen utanfor Byrknesøy i Gulen i morgontimane nyttårsaftan.

Det skreiv Vest politidistrikt på Twitter klokka sju. 

Politiet skreiv vidare mannskapet ikkje var i fare. Det er heller ikkje meldt om personskade. 

Det var Hovudredningssentralen som varsla politiet om hendinga. Redningsskøytene RS Utvær og KG Jebsen II rykka ut for å bistå sjarken. 

Klokka ti over halv åtte skreiv Hovudredningssentralen at båten var av grunn. Den gjekk til land for eiga maskin. Redningskøyta følgjer båten inn til kai. 

Til toppen