FORLET SOGNDAL: Her er Babacar Sarr i aksjon mot nettopp Molde, ein kamp Sogndal vann 4-3. Tre poeng skiller dei to laga på tabellen.
FORLET SOGNDAL: Her er Babacar Sarr i aksjon mot nettopp Molde, ein kamp Sogndal vann 4-3. Tre poeng skiller dei to laga på tabellen.

Sarr går til tippeligarival Molde​

Midtbanespelaren Babacar Sarr går frå Sogndal til Molde.

Det stadfestar administrerende direktør i Molde, Øystein Neerland, til klubbens eigne nettsider.

Senegalesaren har signert ei avtale som varer til 2019.

GOD TAPAR: Moldemanager Ole Gunnar Solskjær gjekk på ein tøff smell mot Sogndal for to rundar sidan, men viste stor sporstand då han gratulerte omtrent samtlege på heimelaget med sigeren. No blir han sjefen til Babacar Sarr.

– Eg tykkjer Molde er ein veldig god klubb for meg og eg snakka med agenten og familien min om det. Eg hadde nokre tilbod, men eg trur Molde er det riktige valet for meg, seier Sarr til Moldefk.no.

Sarr kom frå Start til Sogndal for to år sidan og har etter kvart vorte ei viktig brikke i mannskapet til Eirik Bakke. Mellom anna var han i fjor ein av tre nominerte til årets spelar i førstedivisjon.

– Me kunne sjølvsagt ønskt at Baba var med oss vidare i ein lengre periode, men tida er inne no for at Baba går vidare til nye oppgåver, uttalar Håvard Flo, sportssjef i Sogndal, i ei pressemelding.

– Det er ein viktig del av vår klubbstrategi å utvikle spelarar til dei har kome til eit nivå for så å gje dei moglegheit til å ta vidare steg på riktig tidspunkt, seier han.

Moldemanager Ole Gunnar Solskjær har tru på den nye signeringa. 

–  Han er ein all-round midtbanespelar, 1.90 høg, så det vil seie at han er god fysisk, han vinn mange duellar både i lufta og langs bakken. Kall det ein ballvinnar som spelar enkelt og gir den vidare til medspelarane sine, seier Solskjær til Moldefk.no

Til toppen