Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre.
Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre. (Bilde: Jostein Vedvik)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Sats på læraren

Eg hugsar godt min eigen skulestart. Eg stilte på første skuledag med sjølvklippa lugg og stort pågangsmot. Eg gleda meg veldig til første skuledag, og likte meg godt på skulen.

I desse dagar er det mange fem- og seksåringar som set seg ved skulepulten for første gong. Det er elevane i dagens skule som skal skape framtidas samfunn, og vi i Venstre vil vere med å sørgje for at dei får ein best mogleg skule. Ein god skule er ein skule der borna trivst. Å satse på læraren er det viktigaste vi kan gjere for å gje borna moglegheit til å skape si eige framtid.

Venstre vil frigjere ein time i veka frå byråkrati, slik at læraren kan bruke meir tid på elevane. For å frigjere tid for lærarane, vil vi auke satsinga på skulehelsepersonell, ha mindre omfattande læreplanar og auke bruken av ny teknologi.

Dei siste fire åra har mange lærarar gjennomført etterutdanning, spesielt i basisfaga norsk, engelsk og matematikk. Dette har vore ein suksess, og tilbakemeldingane er gode både frå lærarar, skular og elevar. Venstre vil utvide ordninga slik at ho gjeld fleire fag, og vil særleg prioritere samfunnsfag og IKT. Venstre vil òg auke staten sin del av kostnadane til vidareutdanning slik at læraren får full arbeidstidskompensasjon.

Mange nyutdanna lærarar opplever eit «praksissjokk» den første tida etter utdanninga. Venstre føreslår difor ein mjukare start for nyutdanna lærarar. Nye undersøkingar viser at berre 60 prosent av nyutdanna lærarar mottar rettleiing, og berre 20 prosent får oppfølging kvar veke når dei startar det viktige arbeidet som lærar. Venstre ønskjer ei tettare oppfølging av alle nytilsette og nyutdanna lærarar, med ein fadder som gir råd og tilbakemeldingar kombinert med mindre undervisningstid den første perioden. 

Vi meiner lærarar som tek etterutdanning fortener auka løn. Utdanning skal løne seg, òg for lærarar. Venstre vil at staten skal bidra til at auka krav til lærarane blir reflektert i lønsnivået, slik at vidareutdanning og etterutdanning gir meir løn. 

Lærarane bør få større fridom i undervisninga. Venstre vil gje lærarar og skular større fridom og mindre detaljregulering når det gjeld pedagogiske metodar og undervisningsformer. Det viktigaste er at alle elevar lærer basisferdigheiter og får ei god og tilpassa undervisning - ikkje korleis desse måla blir nådde. Skulane bør få moglegheit til å opprette eigne valfag etter kva lærarane har kompetanse i og elevane ønskjer å få undervisning i.

Å satse på læraren er å satse på eleven. Å investere i skulen, eleven og lærarane er det viktigaste vi kan gjere for å skape ei betre framtid for alle. Fordi alt startar i skulen.

Sveinung Rotevatn
Stortingsrepresentant Sogn og Fjordane Venstre

Til toppen