Aurland: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, heldt innlegg på Høgres landsmøte i helga. Han meiner at me må satse vidare på vasskraft.
- Noreg har store moglegheita knytt til miljøvenleg produksjon og forbruk av elektrisk kraft. Det er god og ansvarleg Høgrepolitikk å satsa på fornybare energiformer som grunnlag for nye og lønsame arbeidsplassar; i industri og transport. Vasskrafta gjev grunnlag for aktivitet og vekst over heile landet, sa Noralv Distad i sitt innlegg.
Han fortel vidare at det må vere opning både for å byggje ut nye vassdrag og oppgradera eksisterande.
- Ein må ikkje utelukka tiltak i verna vassdrag, dersom det kan gjerast utan å svekka verneverdiane. I nokre verna vassdrag er tiltak heilt nødvendig for å sikra mot framtidige flaumkatastrofar, som i Flåm og Odda. Det er mogleg å auka produksjon og samtidig oppnå miljøforbetringar. Det er vinn-vinn løysingar.
Han legg til at krafta må vere tilgjengeleg heile året, og at ein då treng høg og fleksibel magasinkapasitet, noko som Noreg har.
- Høgre vil skape nye arbeidsplassar over heile landet. Det gjer me ved å satse vidare på vasskraft, avslutta Distad.