UNIKE: Atle Hovi, direktør for Beitostølen Resort, delte sine erfaringar med næringslivet i Årdal, og oppmodinga frå han er å satse på det unike ved Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UNIKE: Atle Hovi, direktør for Beitostølen Resort, delte sine erfaringar med næringslivet i Årdal, og oppmodinga frå han er å satse på det unike ved Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Sats på Vettisfossen

Atle Hovi, direktør i Beitostølen Resort, oppmodar reiselivet i Årdal til å satse på det unike.

Årdal: – De har den fossen som er heilt unik. Eg ville ha seld den for alt det er verdt.

Det var den klare oppmodinga frå Hovi, som onsdag kveld var invitert til Årdal for å snakke om korleis dei har utvikla Beitostølen og gjort plassen til eit reisemål.

Det var Årdal Næringssamskipnad som arrangerte, så fleire næringslivsaktørar var til stades. Med glød og engasjement fortalte Hovi om kva som gjer at dei har lykkast så bra på Beitostølen.

– Sats på det unike

På 60-talet starta far hans med skiskule, noko som utvikla seg til skiutleige og vidare til overnatting. I dag eig Beitostølen Resort 2500 sengeplassar, som dei fyller opp kvar natt omtrent.

Artikkelen held fram under biletet.

SPEKTAKULÆRT: Med eit fritt fall på 275 meter er Vettisfossen Nord-Europas høgste uregulerte frittfallande foss. Det er unikt.
SPEKTAKULÆRT: Med eit fritt fall på 275 meter er Vettisfossen Nord-Europas høgste uregulerte frittfallande foss. Det er unikt.

I Årdal er reiselivet noko som er sett på dagsorden og skal satsast på dei komande åra. Som Porten.no skreiv førre veka, er det allereie mange spennande planar på agendaen.

– Eg ville ha byrja med det unike. Før eg kom hit, googla eg Årdal og fann Vettisfossen. Det er unikt. Det er det ingen andre som har. Eg ville bygd masse produkt rundt det. På Beitostølen har me ikkje den fosse, men eg skulle gjerne hatt han, smiler Hovi. 

– Ein kan marknadsføre fiske og sykkel, og alt det der, men det er noko ein har over alt, forklarar han. 

Verdiauke av Besseggen

Direktøren brukar Besseggen som døme. For 20-30 år sidan var det 10 000 som besøkte Besseggen og tilbragte kanskje ei natt.

– Det gir 10 millionar. I dag er det 50 000 som besøker toppen, og me får folk til å bli kanskje to netter. Då er den verdt 100 millionar kroner, seier han.

Beitostølen har lykkast på fleire område. Der mange ser på staden som ein vinterplass, er dette no blitt eit heilårsreisemål. Dette skapar igjen arbeidsplassar året rundt. Det trur Hovi er nøkkelen til suksess.

Artikkelen held fram under biletet.

BALANSE: I mai i fjor balanserte Eskil Rønningsbakken på kanten av Vettisfossen og bidrog med sitt til å setje Utladalen på kartet. 
BALANSE: I mai i fjor balanserte Eskil Rønningsbakken på kanten av Vettisfossen og bidrog med sitt til å setje Utladalen på kartet. 

– Det er viktig å ha eit årshjul med mykje som skjer og utan lågsesong. Nøkkelen er å ha folk i arbeid heile året. Dei beste bedriftene må kunne tilby det, nesten uansett kva det gjeld. 

Framsnakking

Ein viktig faktor for å lykkast er framsnakking av kvarandre og eit ønske om å hjelpa kvarandre til å bli gode. Hovi nemner ein kar som byrja som nattevakt, jobba seg opp til bartendar, og dei såg at dette var ein person med potensial.

– Då hadde me to moglegheiter: Anten sluttar han viss me ikkje finn på noko, eller så tilbyr me han å leige lokalet me har. Han var 25 år og eigen gründer, men hadde ikkje pengar. Så i starten var husleige låg, og etter kvart som han bygde seg opp og fleire kjøpte øl, så heva med husleiga og alle er vinnarar.

– Det er folk som skapar bedrifter, så det handlar om å få tak i dei flinke folka. Me har 20 lokale som me leiger ut, og me hadde aldri greid å driva dei så godt sjølve. 

Straumlinjeforma

Ein del av reiselivssatsinga i Årdal omhandlar å samla aktørane, og det er truleg eit riktig steg å ta viss ein skal samanlikna seg med Beitostølen.

– Før var det 20 aktørar, og etter kvart kjøpte me opp og samla alle under ein paraply. Me brukar ikkje tid på kven som skal betale kva. Du blir meir straumlinjeforma. Eg trur på ei større og meir slagkraftig eining. Sjå på daglegvarekjedene. I 70-åra var det 5000 kjøpmenn og halvparten dreiv dårleg. 

– Og så har eg sansen for moglegheitene her med industri og kultur. Skal reiselivet lykkast, må ein lære av industrien og straumlinjeforme opplevingar og aktivitetar. Det må vera system på ting. 

Til toppen